r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Status som "verna skip", tilskot og utførsel

Skriv

For å kunne søkje Riksantikvaren om tilskot til fartyvern må fartyet ha status som «verna skip». Slik status gjev høve til å søkje, men vil ikkje automatisk føre til tildelingar frå Riksantikvaren.

«Verna skip»

Ved istandsetjing og vedlikehald av farty etter antikvariske retningsliner har det på ein del område vore vanskeleg å sameine nyare krav til tryggleik og sjødyktigheit med det teknologiske nivået som dei verna fartya representerer.

For å bøte på dette starta Sjøfartsdirektoratet, Norsk Foreining for Fartøyvern og Riksantikvaren eit samarbeid som munna ut i etableringa av termen ”verna skip” i Sjøfartsdirektoratet sitt regelverk.

I samband med dette er det viktig og merke seg at det er vern - og ikkje drift av fartyet - som er det sentrale.

I følgje Sjøfartsdirektoratet sine Regler for passasjer- og lasteskip m.v. er ”verna skip” definert som: ”Skip/ fartøy som har fått slik status etter godkjennelse av Riksantikvaren, eller den han bemyndiger. Denne status opprettholdes så lenge Riksantikvaren gjennom egen avtale med eieren, finner at de antikvariske betingelsene er opprettholdt”.

Videre seier Sjøfartsdirektoratet at ”Skip som er definert som verneverdig skip, kan etter vurdering i det enkelte tilfelle få opprettholdt sitt opprinnelige arrangement og utførelse mest mulig, mot at sikkerheten om nødvendig blir ivaretatt med driftsbegrensninger som reduksjon i fartsområde, anvendelse kun i sommerhalvåret osv.”

Bortfall eller refusjon av gebyr for verna skip

Sjøfartsdirektoratet gjev fritak for gebyr i samband med synfaring/besiktigelse for farty som har status som verna skip hjå Riksantikvaren. 

Eit farty kan få status som ”verna skip” dersom desse villkåra er til stades:

- Fartyet må vere verneverdig (sjå over) og oppfylle Riksantikvaren sine vilkår for autentisitet.

Det betyr at:
- Fartyet sin verneverdi vert vurdert i lys av type, funksjon og tilstand
- Fartyet skal ha ei lokal forankring og vere offentleg tilgjengeleg
- Fartyet skal ha ålmenn interesse
- Fartyet skal ha ein bærekraftig organisasjon rundt seg (lag, foreining eller liknande)
- Fartyet skal ha ei realistisk økonomisk moglegheit til å bli sett i stand.

I tillegg skal:
- Drift og vedlikehald ha som overordna mål å sikre fartyet som varig kulturminne.
- Konserveringstiltak, vedlikehald og eventuelle istandsetjingsarbeid må skje etter prinsipp som tek vare på dei historiske kvalitetane til fartyet ut frå ein nærare dokumentert epoke i fartøyet si historie. 

Når Riksantikvaren har motteke skriftleg melding om at eigar godtek dei vilkåra som er nemnt ovanfor, vil det bli gjort eit vedtak som formelt stadfestar at fartøyet er tildelt status som verna skip. Sjøfartsdirektoratet får samstundes melding om dette. Ved eventuelt sal av fartyet skal Riksantikvaren varslast.

Konflikt mellom omsynet til vern og pålegg frå andre offentlege instansar

Dersom pålegg frå Sjøfartsdirektoratet eller andre instansar kjem i konflikt med Riksantikvaren sine retningsliner, så skal slike pålegg likevel ikkje etterkomast utan Riksantikvaren sitt samtykke. Normalt skal det i slike høve søkjast til Sjøfartsdirektoratet eller andre om dispensasjon frå pålegga der regelverket gjev høve til dette. Dersom det ikkje vert gjeve dispensasjon skal det saman med Riksantikvaren vurderast om krava kan etterkomast gjennom tiltak som ikkje reduserer fartøyet sin verdi som kulturminne.

Dokumentasjon og verneplan

1. Teknisk-historisk dokumentasjon
I samband med større restaureringstiltak eller tilbakeføringar vil det vere naudsynt først å kartleggje fartyet kva som tidlegare har vore gjort med fartyet. Spor om bord i fartyet, saman med kjelder som teikningar, byggjespesifikasjonar, arkivmateriale, fotografi og munnlege opplysningar, vert analyserte og samanfatta i form av ei kronologisk framstilling av fartyet si tekniske historie. Når historia er kartlagd kan denne danne utgangspunkt for ein verneplan for fartyet.

2. Verneplan
Status som «Verna skip» har som konsekvens at det vert sett antikvariske krav til fartøyet sitt eksteriør, interiør, materialval, og den handverksmessige kvaliteten på arbeidet, med vidare. Det må difor utarbeidast ein verneplan for fartyet. Ein slik plan skal mellom anna omfatte framlegg til kva for epoke/årstal i skipet si historie som skal vere utgangspunkt for vernearbeidet. Det må ikkje gjerast fysiske endringar, korkje i interiør eller eksteriør, før denne verneplanen er utarbeidd og godkjend av Riksantikvaren.

Utførsel av skip eldre enn 50 år

Etter kulturminnelova §23 punkt f er det forbod mot utførsle av båtar og delar av båtar eldre enn 50 år. Ønskjer du å føre eit farty som er eldre enn 50 år ut av landet, må du difor søkje om dispensasjon frå kulturminnelova. Det er Riksantikvaren som har fått delegert mynde til å gje slik dispensasjon. Det må fyllast ut eit særskild søknadsskjema som du finn nedanfor. Hugs å markere kva søknaden gjeld i feltet øvst. 

Skjema og fristar