r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Riksantikvarens forskingsstrategi

Riksantikvaren skal arbeide aktivt for at forsking og forskingsresultat på kulturminne, kulturmiljø og landskap kjem forvaltninga av kulturminna til gode.                       

For å realisere dette målet skal Riksantikvaren arbeide aktivt for å ha ein open kommunikasjon mellom forskingssamfunnet og kulturminneforvaltninga.

Det inneber at Riksantikvaren skal

  • lage møteplassar for kulturminneforvaltninga og forskarar
  • nytte digitale informasjonskanalar til å utveksle kunnskap, etablere kontakt og byggje nettverk mellom kulturminneforvaltninga og forskarar                             
  • sikre at dei tilsette i forvaltninga har tilgang til relevant forskings- og faglitteratur
  • sikre at forvaltningsdokumentasjon blir gjort tilgjengeleg for forsking
  • samarbeide med forskings- og utdanningsinstitusjonar om utdanning, t.d. ved praksisplassar, hospitantordningar, masteroppgåver eller doktorgradsarbeid                             
  • vere representert på viktige forskingskonferansar.

Riksantikvaren skal prioritere og formidle kulturminneforvaltningas forskings- og kunnskapsbehov til forskingssamfunnet og til administrativt nivå.

Det inneber at Riksantikvaren skal

  • vere oppdatert om forvaltninga sine forskingsbehov
  • formidle forvaltningas forskingsbehov til aktuelle instansar
  • sjølv kunne utlyse eller bestille forskings- og utviklingsprosjekt på grunnlag av prioriteringane
  • vere i dialog med NIKU og andre forskingsmiljø om utvikling av relevant forsking
  • levere høyringsuttaler til forskingsprogram eller forskingspolitiske dokument
  • levere støtteerklæringar eller fungere som referanse for forskingsprosjekt. Slik støtte skal samordnast av FoU-utvalet.

Riksantikvaren skal òg arbeide for at tilsette skal ha høg kompetanse på dei prioriterte fagfelta til direktoratet.

Riksantikvaren utarbeider ein årsplan for FoU-arbeidet med faglege prioriteringar.