r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Lomen stavkyrkje – spartansk og stemningsfull

Lomen stavkyrkje ligg i Vestre Slidre kommune i Oppland. Interiøret er spartansk, men romopplevinga er likevel eineståande.

Lomen stavkyrkje er ei av dei seks stavkyrkjene i Valdres. Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren 2015.

Lomen stavkyrkje ligg vakkert til i eit gammalt kulturlandskap. Vegen fram mot kyrkja går gjennom eit gardstun med eldre bygningar, opp ei gate gjennom innmarka og over den nedlagde kyrkjegarden med gamle gravminne.

Lomen med port og støpul. Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren 2015

Kyrkja gir ei eineståande romoppleving, blant anna fordi det er sett inn galleri der det tidlegare var ytterveggar. Skip og kor har heva midtrom, med berande frittståande stavar i skipet og tre portalar og annan skurd som har mykje til felles med portalane i Høre og Borgund.

Interiør i Lomen stavkyrkje. Foto: Birger Lindstad © Riksantikvaren 2004.

Vest- og sydportalen i Lomen stavkyrkje oppmålt og teikna av Georg Andreas Bull (1829-1917) i 1855.

Lomen stavkyrkje er nemnd i skriftlege kjelder fyrste gong i 1327, men ho er eldre enn dette. Årringsanalysar viser at det vart hogd tømmer til kyrkja etter 1192. Kyrkja gjekk gjennom ei stor utviding i 1749, men delar av det opphavlege koret er bevart over himlinga.

Kyrkjelyden pynta og oppstilt for fotografering omkring 1890. Fotograf: ukjend. Frå http://www.valdressamband.org

Lomen stavkyrkje ligg vakkert til i eit gammalt kulturlandskap. Foto: Dagfinn Rasmussen / Riksantikvaren