r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Andre tilskotsordningar

Det finst også tilskotsordningar som forvaltast av andre enn Riksantikvaren som kan vere aktuelle for kulturminne, kulturmiljø og landskap.

Kulturminnefondet

Tilskotsordninga til Kulturminnefondet er eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Frivillige lag og organisasjonar som er eigarar eller forvaltarar av kulturminne, kan også søkje.

Les meir om tilskotsordninga på nettstaden til Kulturminnefondet

Landbruksdirektoratet

Gjennom Landbruksdirektoratet kan ein søkje om tilskot til «Spesielle miljøtiltak i jordbruket» (SMIL). Formålet med ordninga er blant anna å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket.

Les meir om tilskotsordninga på nettstaden til Landbruksdirektoratet

Fortidsminneforeningen

Gjennom prosjektet "Kulturminner for alle" gir Fortidsminneforeningen tilskot til istandsetting av kulturminne.

Les meir om tilskotsordninga på nettstaden til Fortidsminneforeningen.

Fylkeskommunane

Mange fylkeskommunar gir tilskot til kulturminne. Kontakt fylkeskommunen din for informasjon om eventuelle tilskot.

Sjå kontaktinformasjon for fylkeskommunane her.

Kommunar

Nokre kommunar gir også tilskot til kulturminne. Kontakt kommunen din for informasjon om eventuelle tilskot. 

Andre relevante tilskotsordningar

 Sjå oversikt over tilskotsordningar frå andre stiftingar og fond på nettstaden til Bygg og Bevar.