r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Krav til rapportering

Her finn du informasjon om krav for rapportering.

Etter at prosjektet er avslutta, skal rekneskap og sluttrapport sendast inn innan fristen som er angitt i vedtaksbrevet om tilskot.

Sluttrapporten skal innhalde relevant dokumentasjon som klart viser korleis arbeida/tiltaket/prosjektet er gjennomført og om måla er nådd. Sjå tilskotsbrevet for nærmare informasjon om krav til rapportering.

Rapporten skal innehalde opplysningar om samla finansiering:

  • spesifisert oversikt over mottekne tilskot til prosjektet/tiltaket frå Riksantikvaren, fylkeskommunen, kommunen, andre departement, direktorat, private tilskotsordningar eller andre finansieringskjelder
  • eigeninnsats

Rekneskapen for prosjektet/tiltaket skal leggjast ved (rekneskapen må vere signert).

Les meir under «Krav til rekneskapen».