r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Krav til rekneskapen

Her finn du informasjon om krav til rekneskapen.

Dersom mottakaren av tilskotet er tilknytta revisor og tilskotet er kr 300 000 eller høgare, skal det også sendast inn revidert årsrekneskap. Rekneskapen skal vere signert av tilskotsmottakar, eventuelt av styret.

Det krevst også ein særattestasjon frå revisor på prosjektrekneskapen og eventuelt timelister knytta til arbeidet/tiltaket/prosjektet.

Unntatt frå revisjonskravet er kommunar og fylkeskommunar.

Dersom mottakaren av tilskotet ikkje er tilknytta revisor og tilskotet er kr 300 000 eller høgare, kan Riksantikvaren/fylkeskommunen/Sametinget likevel krevje ein særattestasjon frå revisor. Dette kravet vil i så fall komme fram av tilskotsbrevet.

Dersom tilskotet er under kr 300 000 skal tilskotsmottakar sende inn reknskapsoversikt for arbeidet/tiltaket/prosjektet, som skal vere signert av tilskotsmottakar, eventuelt av styret.

Riksantikvaren/fylkeskommunen/Sametinget kan uavhengig av beløpsgrense krevje kopiar av rekneskapsbilag.