r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til arkeologiske kulturminne

Målet med tilskotsordninga er å sikre kunnskapen om og forvalte arkeologiske kulturminne.

Arkeologiske kulturminne er fysiske spor og leivningar etter liv og arbeid i tidlegare tider, der utgraving og dokumentasjon utgjer hovudkjeldene til kunnskapen vår om og opplevinga av samfunnet i fortida. Eksempel på arkeologiske kulturminne kan vere gravminne, spor etter tidlegare busetjing, verkstadplassar, bergkunst eller heilage stader. 

Arkeologiske kulturminne frå før 1537 er automatisk freda etter kulturminnelova. Inngrep i automatisk freda kulturminne er forbode med mindre det er gitt løyve til det frå kulturminnemyndigheita.

Tiltak som kan få tilskot

1. Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak.
Hovudregelen i kulturminnelova er at offentlege og større, private tiltakshavarar må betale for naudsynte arkeologiske registreringar eller utgravingar i samband med ulike tiltak. I samband med mindre, private tiltak dekkjer som hovudregel staten heilt eller delvis utgiftene. Du kan lese meir om mindre, private tiltak i rundskriv T2-07 på regjeringa.no.

Målgruppe

Målgruppa er private tiltakshavarar for arkeologiske undersøkingar.

Kvar skal søknaden sendast?

Ved søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne er det fylkeskommunen og Sametinget som vurderer om søknaden gjeld eit mindre, privat tiltak. Riksantikvaren tek den endelege avgjerda. Dersom tiltaket blir vurdert til å vere eit mindre, privat tiltak dekkjer som hovudregel staten heilt eller delvis utgiftene til dei arkeologiske undersøkingane. Tilskotet blir utbetalt til den institusjonen som utfører dei arkeologiske undersøkingane.

Det skal med andre ord ikkje sendast eigen søknad om tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak.

Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne kan du sende inn heile året.

2. Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved særlege grunnar.
Dersom det føreligg særlege grunnar kan staten heilt eller delvis dekkje kostnadane til naudsynte arkeologiske undersøkingar. Dersom du meiner at det føreligg særlege grunnar til at staten skal dekkje desse kostnadane, bør tiltakshavar gjere greie for det når han søkjer om løyve til inngrep i eit automatisk freda kulturminne. Det finst ingen faste reglar for kva som kan vere særlege grunnar.

Målgruppe

Målgruppa er tiltakshavarar for arkeologiske undersøkingar.

3. Tilskot til skjøtsel, dokumentasjon, formidling og andre tiltak som gir auka tilgjenge eller som medverkar til å avgrense slitasjen på kulturminna.
Tiltak der mellom anna lokalt engasjement og særlege opplevings- og formidlingsverdiar er knytte til kulturminna skal prioriterast (gjeld eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne).

Tilskota er knytta til bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne (BARK).

Målgruppe

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av automatisk freda arkeologiske kulturminne.

Kvar skal søknaden sendast?

Private eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne skal sende søknaden til fylkeskommunen/Sametinget. Fylkeskommunen har ulike søknadsfristar. Ta kontakt med fylkeskommunen for meir informasjon. Sjå kontaktinformasjon for fylkeskommunane her.

Fylkeskommunar, Sametinget og arkeologiske forvaltingsmuseer skal sende søknaden til Riksantikvaren innan 15. januar.