r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til brannsikring av tette trehusmiljø

Målet for tilskotsordninga er å førebyggje brann i tette trehusmiljø.

Tilskotsordninga gjeld for område som er freda som kulturmiljø eller som står på Riksantikvarens liste over verneverdige tette trehusmiljø.

Sjå kart med oversikt over tette trehusmiljø og brannsmitteområde her

Målgruppe

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av bygg i utvalde tette trehusmiljø, men det er kommunen som søkjer på vegner av målgruppa.

Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreiningar/organisasjonar/sameige og frivillige organisasjonar eller liknande.

Tiltak som kan få tilskot

Det kan bli gitt tilskot til:

  • utarbeiding av brannsikringsplanar
  • tekniske brannsikringstiltak som branndeteksjon og slokkeanlegg/slokkeutstyr (for eksempel sprinklaranlegg på loft og brannslangar)

NB! Riksantikvaren gir ikkje tilskot til brannførebyggjande tiltak som oppgradering av el-anlegg og søppelhandtering.

Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring til andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.

Riksantikvaren kan også prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.

Prioriteringar

Tilskot blir tildelt etter følgjande prioriteringar:

  • område som er freda som kulturmiljø eller der freding er planlagt
  • område med særskilt høg risiko for områdebrannar, blant anna stader som ligg langt frå brannvesen
  • eigendelen til søkjaren/grad av spleiselag
  • gjennomføringsevne og kor mykje kommunen allereie har oppnådd 
  • overføringsverdi til andre som arbeider med brannsikring av tette trehusmiljø

Riksantikvaren føreset at den enkelte kommune sørgjer for vidare drifta og vedlikehold av sikringstiltaka.

Les meir om generelle vilkår for innhaldet i søknaden, rapportering og rekneskapen her.

Kor skal søknaden sendast?

Kommunen skal sende søknaden til Riksantikvaren.

Søknadsskjema finn du her.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. januar 2019.