r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til bygningar og anlegg etter 1537

Målet med tilskotsordninga er at bygningar og anlegg frå etter 1537 skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå.

Tilskotsordninga følgjer opp dei statlege pliktene i kulturminnelova. Det vil seie å gi heilt eller delvis vederlag til private eigarar av freda kulturminne til fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og til spesielt tyngande vedlikehaldsansvar.

Målgruppe

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av:

  • freda bygningar og anlegg som er frå etter 1537
  • freda eller spesielt verneverdige bygningar og anlegg frå etter 1537 som er typiske for liv og verksemd langs kysten

Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreiningar/organisasjonar/sameige, kyrkjesokn, sokneråd, frivillige organisasjonar eller liknande.

Det er også mogleg for fylkeskommunane å søkje på vegner av eigarar om midlar til større oppgåver for freda kulturminne.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til istandsetting og vedlikehald.

Riksantikvaren kan også føreslå og prioritere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsområde.

Prioriteringar

I vurderinga av søknadane blir det mellom anna lagt vekt på:

  • tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall
  • tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av
  • mellombels sikring
  • tiltak på kulturminne langs kysten som kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn

Bruk av tradisjonelle materialar, teknikkar og handverk, opplæring og kunnskapsoppbygging er også viktige grunnar for tildeling av tilskot.

Vilkår

Tilskot blir fordelt til private (heilt eller delvis) eigarar og forvaltarar av bygningar og anlegg som er freda ved vedtak eller forskrift, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Det kan óg bli gitt tilskot til spesielt verneverdige kulturminne langs kysten, sjølv om desse ikkje er freda etter kulturminnelova.

Der tiltak krev dispensasjon frå kulturminnelova må tiltaka utførast i samsvar med dispensasjonsvedtaket.

Tiltaka skal utførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningslinjer frå Riksantikvaren og fylkeskommunen.

Les om generelle vilkår for innhaldet i søknaden, rapportering og rekneskapen her.

Kor skal søknaden sendast?

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen.

Søknadsfrist

Fylkeskommunane har ulike søknadsfristar. Ta kontakt med fylkeskommunen for meir informasjon.

Sjå kontaktinfo for fylkeskommunane her.