r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til bygningar, ruinar og anlegg frå mellomalderen (før 1537)

Målet med tilskotsordninga er at bygningar, ruinar og anlegg frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå.

Tilskotsordninga følgjer opp dei statlege pliktene i kulturminnelova. Det vil seie å gi heilt eller delvis vederlag til private eigarar av freda kulturminne til fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og til spesielt tyngande vedlikehaldsansvar.

Målgruppe

Målgruppa er private eigarar av automatisk freda bygningar, og eigarar og forvaltarar av ruinar og anlegg frå mellomalderen (før 1537).

Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreiningar/organisasjonar/sameige, kyrkjesokn, sokneråd og frivillige organisasjonar eller liknande.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til istandsetting-, restaurering-, sikring- og formidlingstiltak på bygningar, prioriterte ruinar og anlegg frå mellomalderen. Ordninga gjeld for stavkyrkjer, men ikkje for andre kyrkjebygg.

Riksantikvaren kan også føreslå og prioritere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsområde.

Vilkår

Kulturminne frå før 1537 er automatisk freda etter kulturminnelova. Inngrep i automatisk freda kulturminne er forbode med mindre det er gitt løyve til det frå kulturminnemyndigheita. Der tiltak krev dispensasjon frå kulturminnelova, må tiltaka utførast i samsvar med dispensasjonsvedtaket.

Tiltaka skal utførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningslinjer frå Riksantikvaren og fylkeskommunen.

Det blir også lagt vekt på at tiltaka fremjar utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materialar.

For ruinar skal det skal lagast ein plan for skjøtselen. Riksantikvaren kan bistå med å utarbeide ein slik plan.

Les om generelle vilkår for innhaldet i søknaden, rapportering og rekneskapen her.

Kor skal søknaden sendast?

Søknaden skal sendast til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. januar.