r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til konservering av fast inventar

Målet med tilskotsordninga er å ta vare på fast inventar og interiør i freda bygningar.

Målgruppe

Målgruppa er private eigarar av freda bygningar.

Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreiningar/organisasjonar/sameige og frivillige organisasjonar eller liknande.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til behandling av måla veggdekorasjonar, tapet og fast inventar.

Riksantikvaren kan òg føreslå og prioritere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsområde, og på fast inventar som har særskilde behov for behandling.

Prioriteringar

I prioriteringa av søknadane vil det blant anna bli lagt vekt på alderen, tilstanden og den kulturhistoriske verdien til objektet.

Vilkår

For å få tilskot til konservering av fast inventar og interiør i freda bygningar, må inventaret og interiøret vere omfatta av fredinga.

Tiltaka skal utførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningslinjer frå Riksantikvaren og fylkeskommunen. Metodar for konservering og materialbruk skal godkjennast av Riksantikvaren eller fylkeskommunen. Der tiltak krev dispensasjon frå kulturminnelova, må tiltaka utførast i samsvar med dispensasjonsvedtaket.

Konserveringstiltak skal utførast av konservator med relevant kompetanse. Det er ein fordel om dei som skal behandle objekta er medlem i NKF-N (den norske seksjonen av Nordisk Konservatorforbund). 

Søknaden skal innehalde tilbod frå konservator. Tilbodet må vise kva konservatoren skal gjere med objektet, kva material som skal brukast i behandlinga og kva kompetanse og erfaring konservatoren/konservatorane har frå liknande prosjekt. Tilbodet skal òg innehalde ein plan for dokumentasjonen av arbeidet, og ende i ein rapport.

Les om generelle vilkår for innhaldet i søknaden, rapportering og rekneskapen her.

Kor skal søknaden sendast?

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen.

Søknadsfrist

Fylkeskommunane har ulike søknadsfristar. Ta kontakt med fylkeskommunen for meir informasjon.

Sjå kontaktinfo for fylkeskommunane her.

Spørsmål?

Spørsmål kan rettast til Kjersti Marie Ellewsen (kjersti.ellewsen@ra.no) eller Iver Schonhowd (iver.schonhowd@ra.no) hos Riksantikvaren.