r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til konservering av kyrkjekunst

Målet med tilskotsordninga er å ta vare på kunst og inventar i våre kyrkjer.

Målgruppe

Målgruppa er kyrkjelege fellesråd og andre eigarar og forvaltarar av kyrkjer.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til konservering og restaurering av måleri, altertavler/alterskåp, preikestolar, døypefontar, skulpturar, tekstilar, kyrkjesølv og anna inventar i kyrkjene.

Riksantikvaren kan òg føreslå og prioritere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsområde og på kunst og inventar som har særskilde behov for behandling.

Prioriteringar

I prioriteringa av søknadane vil det blant anna bli lagt vekt på alderen, tilstanden og den kulturhistoriske verdien til objektet.

Vilkår

Norske kyrkjer frå mellomalderen til nyare tid har mykje verdifull kyrkjekunst. Kyrkjene treng derfor ikkje vere freda for å få tilskot til konservering av kyrkjekunsten. Kyrkjekunsten treng heller ikkje vere særskild gamal.

Tiltaka skal utførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningslinjer frå Riksantikvaren og fylkeskommunen. Metodar for konservering og materialbruk skal godkjennast av Riksantikvaren.

Konserveringstiltak skal utførast av konservator med relevant kompetanse. Det er ein fordel om dei som skal behandle objekta er medlem i NKF-N (den norske seksjonen av Nordisk Konservatorforbund). 

Søknaden skal innehalde tilbod frå konservator. Tilbodet må vise kva konservatoren skal gjere med objektet, kva material som skal brukast i behandlinga og kva kompetanse og erfaring konservatoren/konservatorane har frå liknande prosjekt. Tilbodet skal òg innehalde ein plan for dokumentasjonen av arbeidet, og ende i ein rapport.

Les om generelle vilkår for innhaldet i søknaden, rapportering og rekneskapen her.

Etter ei behandling av kunst og inventar i kyrkja, vil Riksantikvaren kunne krevje at kyrkja legg ein plan for å betre inneklimaet. Dersom det ikkje finst styringsanlegg for varmen i kyrkja, skal ho ha ein plan om å skaffe seg eit slikt anlegg. 

Kor skal søknaden sendast?

Søknaden skal sendast til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadar om tilskot til kyrkjekunst kan sendast inn heile året, men vi anbefaler å sende søknaden inn innan 15. januar.

Spørsmål?

Spørsmål kan rettast til Kjersti Marie Ellewsen (kjersti.ellewsen@ra.no) eller Iver Schonhowd (iver.schonhowd@ra.no) hos Riksantikvaren.