r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til kulturmiljø og kulturlandskap

Målet med tilskotsordninga er å ta vare på freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap.

Målgruppe

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av eigedom som er ein del av eit kulturmiljø eller kulturlandskap som er freda eller særleg verdifullt.

Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreiningar/organisasjonar/sameige, frivillige organisasjonar eller liknande.

Det er også mogleg for fylkeskommunane å søkje på vegner av eigarar om midlar til større oppgåver for kulturmiljø og kulturlandskap som har nasjonal verdi.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til istandsetting, vedlikehald og skjøtsel.

Riksantikvaren kan også føreslå og prioritere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsområde.

Prioriteringar

Tilskot blir tildelt etter følgjande prioriteringar:

  • freda kulturmiljø
  • særleg verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap
  • tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall eller gjengroing, mellombels sikring og tiltak som sikrar og tar vare på kulturmiljø og kulturlandskap 
  • tiltak som er forankra i forvaltings- og skjøtselsplanar
  • prosjekt som bidrar til utvikling, samordning eller samspel og prosjekt som har overføringsverdi
  • tiltak som sikrar vidare drift og ivaretaking av kulturlandskap og landskapselement

 

Bruk av tradisjonelle materialar, teknikkar og handverk, opplæring og kunnskapsoppbygging er også viktige grunnar for tildeling av tilskot.

Vilkår

Tilskotsmidlar til skjøtsel av utvalde kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova og andre særleg viktige kulturmiljø skal primært nyttast til praktiske forvaltingstiltak for å setje i stand, skjøtte og sikre kulturlandskap.

Tiltaka skal utførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningslinjer frå Riksantikvaren.

Les meir om krava for innhaldet i søknaden, rapportering og rekneskapen her.

Kor skal søknaden sendast?

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen.

Søknadsfrist

Fylkeskommunane har ulike søknadsfristar. Ta kontakt med fylkeskommunen for meir informasjon.

Sjå kontaktinfo for fylkeskommunane her.