r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til kulturminnearbeid i kommunane

Målet med ordninga er å styrke kompetansen om kulturminne i kommunane og få betre oversyn over verneverdige kulturminne.

Ordninga legg til rette for dette gjennom arbeid med kulturminneplanar i kommunane.

Målgruppe

Målgruppa for ordninga er kommunar og fylkeskommunar.

Tiltak som kan få tilskot

Det kan bli gitt tilskot til kommunar som ønskjer å sette i gang, nyleg har sett i gang eller vil rullere eksisterande kulturminneplan.

Tilskot blir også gitt til kompetansemodellar som styrker arbeidet lokalt og regionalt. Dette gjeld samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar, museum og Sametinget.

Krav til innhaldet i søknaden

Søknaden må innehalde:

  • omtale av prosjektet, organisering av arbeidet, framdrift, budsjett og finansiering for arbeidet fram til vedtatt plan.
  • politisk vedtak om oppstart av planarbeidet.

Les meir om tilskotsordninga i invitasjonsbrevet i høgremargen.

Kor skal søknaden sendast?

Søknaden skal sendast fylkeskommunen som sender den vidare til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Fylkeskommunane har ulike fristar for når dei må ha søknadane frå kommunane. Ta kontakt med fylkeskommunen for meir informasjon. Sjå kontaktinfo for fylkeskommunane her.

Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2019.