r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

Målet med tilskotsordninga er at dei utvalde anlegga i Bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå.

Målgruppe

Målgruppa er først og fremst eigarar og forvaltarar av dei utvalde anlegga i Bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne, men det kan også bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer norsk teknisk og industriell historie.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til sikring, istandsetting og vedlikehald. 

Riksantikvaren ønskjer at tekniske og industrielle kulturminne skal kunne danne grunnlag for ny bruk, og det kan derfor også bli gitt tilskot til tiltak som legg til rette for dette. 

Prioriteringar

Tiltak som stansar eller hindrar ytterlegare forfall, og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setje i stand dei utvalde anlegga, vil bli prioritert.

Vilkår

Der tiltak krev dispensasjon frå kulturminnelova eller plan- og bygningslova, må tiltaka utførast i samsvar med dispensasjonsvedtaket.

Les meir om krava til innhaldet i søknaden, rapportering og rekneskapen her.

Kor skal søknaden sendast?

Søknaden skal sendast til Riksantikvaren.

Søknadsskjema finn du her

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. november.