r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til verdiskapingsarbeid

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling.

Målgruppe

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot skal nyttast til satsingar som tydeleggjer og integrerer kulturminnefeltet i lokal og regional utvikling og som samstundes siktar mot ei koordinert og langsiktig forvaltning av kulturminne og kulturmiljø.

Prioriteringar

Følgjande prosjekt blir prioriterte:

  • Prosjekt som revitaliserer og gir ny bruk til kulturminne og kulturmiljø som ikkje lenger har opprinneleg funksjon.
  • Prosjekt som tar i bruk kulturminne og kulturmiljø for å fremme økonomisk vekst og berekraftig utvikling.
  • Prosjekt som integrerer verdiskaping med andre satsingar i kulturminnepolitikken, som freding, verdsarv, landskapsforvaltning, kulturminneplanar, byutvikling mv.
  • Prosjekt som utviklar og tar i bruk nye metodar, verktøy og teknologi.

Vilkår

Det skal leggjast vekt på prosjekt som involverer eigarar, bedrifter, frivillige, styresmakter og institusjonar for utvikling lokalt og regionalt. Det er ein føresetnad at fylkeskommunane og kommunane er aktive deltakarar.

Det blir òg lagt vekt på om prosjektet er politisk forankra i planar og strategiar, om det kan styrkje lokal og regional kapasitet for langsiktig forvaltning av kulturminne og kulturmiljø og om det har overføringsverdi. Aktørane må i nødvendig grad inngå forpliktande samarbeid (partnarskap) om finansiering, bruk av andre ressursar og verkemiddel.

Prosjektet må vidare ha klare mål for kva som søkast oppnådd på kort og lengre sikt, og søknaden må beskrive opplegg for resultatdokumentasjon med definerte kriteriar og indikatorar.

Der det ligg til rette for det, bør det utarbeidast dokumentasjon av prosjektets samfunnsnytte.

Prosjekta må ha ein finansiell eigenandel på minst 50 %.

Les om generelle vilkår for innhaldet i søknaden, rapportering og rekneskapen her.

Kor skal søknaden sendast?

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen, eller Sametinget om det gjeld samiske kulturminne og kulturmiljø, som vurderer den før dei sender søknaden vidare til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Fylkeskommunane og Sametinget har ulike søknadsfristar. Ta kontakt med dei for meir informasjon.

Sjå kontaktinfo for fylkeskommunane her.