r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til verdsarven

Målet med tilskotsordninga er å forvalte dei norske stadane på UNESCO si verdsarvliste i tråd med verdsarvkonvensjonen.

Målgruppe

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av dei norske verdsarvstadane (Bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Rjukan og Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, Urnes stavkyrkje, Vegaøyan, Vestnorske fjordlandskap, Struves meridianboge).

Fylkeskommunane kan søkje på vegner av eigarar om midlar til større oppgåver.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til sikring, istandsetjing, skjøtsel, overvaking og andre naudsynte tiltak. I særskilte tilfelle kan midlane også nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av verdsarven.

Riksantikvaren kan sjølv initiere viktige tiltak.

Vilkår

Det er ein føresetnad at alle tiltaka er i samsvar med retningslinjene til UNESCO om forvalting av verdsarven.

Les meir om krava til innhaldet i søknaden, rapportering og rekneskapen her.

Kor skal søknaden sendast?

  • Bergkunsten i Alta: til Riksantikvaren
  • Urnes stavkyrkje: til Riksantikvaren
  • Bryggen i Bergen: til Fylkeskonservatoren i Hordaland
  • Vegaøyane (bygningsvern): til Nordland fylkeskommune
  • Rjukan og Notodden industriarv: til Telemark fylkeskommune
  • Bergstaden Røros: til Røros kommune
  • Vestnorsk fjordlandskap: For Geirangerfjorden (delområde nord) til Møre og Romsdal fylkeskommune, for Nærøyfjorden (delområde sør) til Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Struves meridianboge: til Finnmark fylkeskommune

 

Søknadsfristar

Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar.

Kommunar og fylkeskommunar har eigne søknadsfristar. Ta kontakt med aktuell kommune/fylkeskommune for meir informasjon.