Nyheter

Besøk ein norsk verdsarvstad i sommar

I år er det mange som skal på noregsferie, og du treng ikkje reise langt for å få heilt spesielle opplevingar. 

Publisert: 12. juni 2020 | Endret: 29. januar 2024

Verdsarvferie Kanskje Noregsferien går med til å besøke verdsarven i Vestnorske fjordlandskap? Foto: Lisen Roll, Riksantikvaren

Verdsarven vår er heilt unik. Den har tyding for heile menneskeheita på bakgrunn av staden sin kultur eller naturhistorie. Det er kultur- og naturarv, som har universell verdi sett frå eit historisk, kunstnarisk, vitskapeleg eller estetisk synspunkt. I 1972 vedtok UNESCO konvensjonen for vern av verdens kultur- og naturarv. Den er mest kjend som verdsarvkonvensjonen, og Noreg ratifiserte den 12. mai 1977. Allereie i 1979 blei Bryggen i Bergen og Urnes stavkyrkje skrivne inn på verdsarvlista.

Opplev norsk kulturarv i verdsklasse

I Noreg har vi 8 stader på lista, og denne sommaren kan du bruke ferien til å oppleve denne heilt unike kultur- og naturarven.  Verdsarvkonvensjonen har som mål å identifisere kultur- og naturarv av universell verdi, som då skrivast inn på verdsarvlista. I februar 2020 var det 1121 stader på lista, fordelt på 167 medlemsland. Det er ei prestisjefull liste, som har stor internasjonal tyding. Men, samstundes er dette lokale kulturminne for oss som bur i Noreg.

Her kan du lese litt meir om dei enkelte stadene, og i den seinaste episode av podkasten vår snakkar også riksantikvar Hanna Geiran om sine opplevingar med den norske verdsarven. 

Bergkunsten i Alta

Innskriven i 1985. Dei første figurane blei funne ved ein tilfeldighet i 1973. Sidan har helleristninger og hellemalerier dukka opp på fem forskjellige stader i området. Det som gjer bergkunsten i Alta så spesiell, er at ristningane og maleria er så varierte.

Kva kan du oppleve her?

Det finnast meir enn 5000 ulike figurar i området! Dei mest karakteristiske bileta er av dyr, særleg rein og elg. Dei gjer oss ei heilt unik innsikt i korleis menneske som levde for 6000 år sida oppfatta verda.

Les meir om Bergkunsten i Alta.

Bergkunsten i Alta Her kan ein sjå spora etter menneske som levde for fleire tusen år sidan. Foto: Arve Kjersheim

Bryggen i Bergen

Innskriven i 1979. Etter krigen gjekk folk i demontrasjonstog for å rive Bryggen! Få år seinare var området skriven inn på verdsarvlista, og Bryggen er i dag eit symbol både på Bergen og Noreg. Trearkitekturen viser at Bergen er ein av dei eldste handelsbyane i Nord-Europa.

Kva kan du oppleve her?

Trestrukturane på Bryggen har stått sidan mellomalderen. I husa var det både bustad, kontor og lagerrom for den internasjonale handelen med tørrfisk. Først på 1900-tallet tok den opprinnelige bruken av bryggenområdet slutt og ein 700 – 800 år gammal tradisjon blei brutt. 

Les meir om Bryggen i Bergen.

Bryggen Den internasjonale handelen med tørrfisk i Noreg, hadde hovudsete i Bergen i fleire hundre år. Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren

Rjukan-Notodden

Innskriven i 2015. I 1905 blei selskapet Norsk Hydro etablert med hovudkontor på Notodden. Rjukan vart bygd opp under Rjukanfossen, og har dei klassiske teikna på ein “company town”, ein tettstad bygd rundt industrien, skapt av selskapet Hydro.

Kva kan du oppleve her?

Industrikatedralar og company towns, tungtvassaksjon og kunstgjødsel. Rjukan-Notodden har ei heilt spesiell historie, både her i Noreg og internasjonalt. Notodden var arnestaden for utviklinga av Noregs vasskraftbaserte kjemiske industri. 

Les meir om Rjukan-Notodden industriarv.

Rjukan-Notodden Her finn du både krigs- og industrihistorie, i spektakulære omgjevnader. Foto: Ingrid Djupedal, Riksantikvaren

Røros bergstad og circumferensen

Innskriven i 1980. I eit intervju med Arbeidets rett i 1980 kunne riksantikvar Stephan Tschudi-Madsen fortelje at verdsarvstatusen for Røros straks var på plass. Avisa omtalte dette som ei «antikvarisk bombe». I dag arbeider vi heldigvis ganske annleis med innskrivingar.

Kva kan du oppleve her?

Røros Bergstad og circumferensen er ein vakker gruveby. Gruvedrift og jordbruk var grunnlaget for Røros sin eksistens. Bergverks- og bondebyen har framleis mykje av sitt opprinnelige preg. Her er det hus og garder fra 1700- og 1800-talet og eit gatemønster i sentrum som framleis er slik det blei forma på 1600-talet.

Les meir om Røros bergstad og circumferensen.

Røros og Circumferensen I den gamle gruvebyen er det framleis tydelege spor etter 1600-talet i det flotte gatemønsteret. Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren

Struves meridianbue

Innskriven i 2005. Struves meridianbue var den første storskala, vitskapelege oppmålinga i Europa. Meridianbogen blei målt ved hjelp av ei triangelkjede som strekk seg frå Svartehavet til Hammerfest. Den blei gjennomført i perioden 1816 til 1852 under leiing av Friedrich Georg Wilhelm Struve. Oppmålingane sto seg i over 100 år! Teknologien gjer det no mogleg med astronomiske og satelittbaserte presisjonsmålingar.

Kva kan du oppleve her?

Fire målepunkt ligg i FinnmarkFuglenes i Hammerfest, og fjelltoppane Lille-Raipas i Alta, Bealjášvárri og Luvddiidčohkka i Kautokeino. Kjeden strekk seg gjennom ti land: Norge, Sverige, Finland; Russland, Estland, Latvia, Litauen, Hviterussland, Moldovia og Ukraina. Dette var den første transnasjonale inskrivinga på verdsarvlista.

Les meir om Struves meridianbue.

Struve meridianbue Er eit vitskapeleg landemerke med tilsvarande målepunkt i ti forskjellige land. Foto: Cathrine Rolland, Riksantikvaren

Vestnorsk fjordlandskap

Innskriven i 2005. Dei to spektakulære fjordområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden ligg berre 120 km frå kvarandre. Dette er postkortnoreg, og eit motiv som dei aller fleste av oss kjenner! Dei viser utviklinga av landskapet frå siste istid og fram til i dag.

Kva kan du oppleve her?

Spor i landskapet syner at fjordområda har vore brukt av menneske sidan isen trakk seg tilbake for 10 000 år siden. Langs fjordane ligg det gardsbruk og på fjellhyllene over fjorden ligg det fjellgardar. Dei fleste er fråflytta i dag, men her har det vore aktivitet i lang tid. Her er nøysamt jordbruk tilpassa ein farefull, men samstundes rik natur.

Les meir om Vestnorsk fjordlandskap.

Vestnorsk fjordlandskap I Geirangerfjorden og Nærøyfjorden finn ein både naturarv og kulturarv. Foto: Fredrik Eriksen, Riksantikvaren

Vegaøyan

Innskriven i 2004. Vegaøyan ligg på Helgelandskysten i Nordland. Her har det vore fiske og fangst dei siste 10 000 åra. Etterkvart som dei første øyene blei busett, forma det karakteristiske landskapet seg i samspel med fiskarbonden og ein ugjestmild, men rik natur.

Kva kan du oppleve her?

Dette er landskapet frå bøkene til Roy Jacobsen. Gjennom mellomalderen og fram til i dag har sanking av egg og dun frå ville ærfuglar vore ein viktig del av næringsgrunnlaget her. Framleis haldast tradisjonen med dunsanking i hevd på fleire øyer i verdsarvområdet.

Les meir om Vegaøyene.

Vegaøyan På Vega har det vore aktivitet og sanking av edderdun i hundrevis av år. Foto: Lisen Roll, Riksantikvaren

Urnes stavkyrkje

Innskriven i 1979. Både arkitektonisk, kunsthistorisk og som kjelde til kunnskap er Urnes stavkyrkje unik blant dei 28 stavkyrkjene som framleis finnast i Noreg. Truleg har det totalt vore rundt 1300 stavkyrkjer her i landet.

Kva kan du oppleve her?

Midt i frukttrelandskapet ligg vesle Urnes stavkyrkje, med den fantastisk utskårne urnesportalen. Kyrkja er rikt dekorert både utvendig og innvendig. Her har folk beundra kunsten sidan Urnes blei bygd, på andre halvdel av 1100-tallet. Stavkyrkjene er bygd i ein avanserte byggeteknikk for si tid.

Les meir om Urnes stavkyrkje.

Urnes stavkyrkje Med utsikt mot fjorden ligg Urnes stavkyrkje, rikt dekka av treskjerarkunst. Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren