Dalen gård i Kristiansund freda

Dalen gård med bygningar, hage og tun er ein godt bevart lystgard frå slutten av 1700-talet. No er anlegget freda av Riksantikvaren.

Dalen gård. Foto: Ola Hektoen Øverås Riksantikvaren
Dalen Gård Foto: Ola Hektoen Øverås Riksantikvaren

Dalen gård vart etablert som løkkebruk for den skotske kjøpmannen Walter Miln.

─ Klippfisknæringa og handelen med utlandet ga impulsar utanfrå til den lokale byggeskikken. Dalen gård er eit døme på dette, og anlegget har nasjonal verdi, seier riksantikvar Jørn Holme.

Hovudbygningen har eit særs viktig interiør. I salen i andre etasje er det i alt 17 unike veggmaleri med profane og sakrale motiv henta frå religion, etikk, astronomi og kunst. Kunstnaren er ukjent.

Anlegget som er freda er eit rekkjetun og består av hovudbygning, låve, mjølkekjellar, leikestove, møkkjellar, smie, hage og allé.

Kart

  • Fredningsår

    10.12.2013

  • Region

    Møre og Romsdal

  • Eierskap

    Offentlig

  • Datering

    1700 tallet

  • Enkeltminne

    Bygning: Hovedbygning