Den tidlegare tobakksbutikken til Reimers & Søns eftf.

Det var ein gong ein liten tobakksbutikk i Bergen med eit sjeldant og fint interiør.

Butikklokalet ligg på gateplan i kjøpesenteret Galleriet i Bergen sentrum med adresse Olav Kyrres gate 1. Lokalet er lite, berre 3,5×9 meter. Butikklokalet Reimers & Søns eftf. vart grunnlagt i 1847 og var i drift fram til 2003. Lokalet har fått ny bruk i dag, men interiøret er det opphavelege, og er utførd med eit handverk og ein materialbruk som har gir kulturminnet ein nasjonal verdi.

Bildet viser en fasade i Olav Kyrres gate, som skjuler ein sjeldan skatt av eit handverk frå 1920-åra. Foto er teke av Linn Brox Riksantikvaren.
Liten, men god. Denne fasaden i Olav Kyrres gate skjuler ein sjeldan skatt av eit handverk frå 1920-åra. Foto: Linn Brox, Riksantikvaren

Om kulturminnet

Bygninga som tobakksbutikken ligg i har fem etasjar. Bygningavart oppført i 1927 etter bybrannen same året, og teikna av arkitektane Fredrik Arnesen (1879-1963) og Arthur Darre Kaarbø (1881-1948).

Tobakksbutikken har vore i same lokale sidan bygninga var ny. Det mest markante av interiøret er dei langsgåande, opne vegghyllene med ei stor, rund klokke på toppen. Motståande vegg er panelte med rikt dekorerte felt. I taket heng ei femarma lysekrune i messing. Treverket som er brukt er mahogni.

Lokalet er representrativt for butikkinteriør frå mellomkrigstida, med mørkt treverk, til dels rikt dekorert mot ein bakgrunn av lyse, pussa flater og synlege konstruksjonar. Interiøret er særs godt bevart med dei fleste delane av det opphavelege interiøret på plass.

Interiøret har dermed ei kulturhistorie som minner om ein viktig epoke i næringslivet i byen og landet. Her ser ein utviklinga av den moderne detaljhandelen med spesialiserte butikkar som bredte om seg i starten av førre århundre. Sidan 2004 har butikklokalet vore i bruk som kafé.

Den store runde klokka i bildet er midtpunktet på reolen på den eine langveggen i tobakksbutikken. Foto er tatt av Linn Brox
Den runde klokka. Den store runde klokka er midtpunktet på reolen på den eine langveggen. Foto: Linn Brox, Riksantikvaren
Bildet viser en detalj av interiøret av mahogni med intarsia (innskoren dekor) i messing Foto er tatt av Linn Brox Riksantikvaren
Innskoren dekor. Detalj av interiøret av mahogni med intarsia (innskoren dekor) i messing. Foto: Linn Brox, Riksantikvaren

Omfanget av fredningen

Fast inventar i butikklokalet og bakrommet til den tidlegare tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. med langsgåande hylle med klokke på nordre vegg, fyllingspanel med innglasserte felt på søndre vegg, radiatordeksel, dør mot trappehall og ein femarma taklampe, er freda.

Fast inventar frå etter 2003 er ikkje med i fredinga.

Bildet viser den andre langveggen i lokalet som har fyllingspanel med innglasa felt. Foto er tatt av Linn Brox Riksantikvaren
Vegg med historie. Den andre langveggen i lokalet har fyllingspanel med innglasa felt. Foto: Linn Brox, Riksantikvaren

Føremålet med fredinga

Føremålet med fredinga er å bevare interiøret i den tidlegare tobakksbutikken som eit kulturhistorisk og arkitektonisk viktig døme på eit butikkinteriør frå mellomkrigstida.

Opphaveleg og eldre fast inventar skal bevarast som ein integrert del av interiøret.

Les meir detaljert om omfanget av og føremålet med fredinga i fredningsbrevet.

Kart Tobakksbutikken

  • Fredningsår

    29.10.2018

  • Region

    Vestlandet

  • Eierskap

    Bedrift

  • Datering

    1927

  • Enkeltminne

    Bygning: Bygård