Freding av Granvin kyrkje i Hardanger

Granvin kyrkje i Hardanger er eit typisk døme på 1700-talets kyrkjebygg med eit særprega kunstnarleg uttrykk.

Granvin kyrkje Hordaland. Foto: Oddbjørn Sørmoen Riksantikvaren
Granvin Kyrkje i Hordaland. Foto: Oddbjørn Sørmoen Riksantikvaren

Granvin kyrkje er med si historie og alder eit betydeleg kulturminne, meiner Riksantikvaren.

Granvin kyrkje vart oppført i 1726 av Kristoffer Amundsen Øydvin og svigersonen Sjur Gunnarson Ringøy.

Som kyrkjestad har Granvin røter attende til mellomalderen.

Kyrkja har eit rikt og kulturhistorisk interessant interiør, og er av nasjonal interesse å bevare for ettertida.

Fredinga omfattar kyrkjens eksteriør og interiør og inkludere hovudelementar slik som planløsning, materialbruk og overflatebehandling, vidare detaljar som vindauge, dørar, gerikter, listverk og fast inventar.

Interiør fra Granvin kyrkje. Foto: Oddbjørn Sørmoen Riksantikvaren
Interiør fra Granvin Kyrkje Foto: Oddbjørn Sørmoen Riksantikvaren

Kart

  • Fredningsår

    25.09.2012

  • Region

    Vestland

  • Eierskap

    Offentlig

  • Datering

    1726

  • Enkeltminne

    Bygning: Kirke