Freding av lensmannsgarden Tingvoll i Stryn kommune

Lensmannsgarden er ein del av norsk rettshistorie og ei sjeldan arkitektonisk perle lokalt i Stryn.

Tingvoll lensmannsgård Stryn. Foto: Geir Olav Gram Riksantikvaren
Tingvoll Lensmannsgaard på Stryn. Foto: Geir Olav Gram Riksantikvaren

Garden som no er freda har vore bustadhus i Stryn sidan byggeåret 1932 og lensmannsgard i perioden 1932-1960. Garden fortel om endringar i både byggeskikk og politivesen frå mellomkrigsåra i Noreg.

Vestlandsk byggeskikk

Tingvoll, med sin karakteristiske hovudbygning er eit viktig kulturminne i Stryn. Arkitektonisk er Tingvoll eit døme på vestlandsk byggeskikk i brytninga med stilretningar frå omkring 1900 og mellomkrigsåra. Hovudhuset har innslag av jugend og klassisisme, medan den asymmetriske planløysinga og plasseringa av vindauga syner nasjonalromantiske straumdrag. Fredinga omfattar eksteriøret og interiør på hovudbygningen og eksteriøret på sidebygningen, og inkluderer hovudelement som planløysing, materialbruk og overflatebehandling og detaljar som vindauge, dører, gerikter, listverk, eldstadar og fast inventar. Fredinga inkluderar og delar av Bruvollflata.

Lensmannen og lokalsamfunnet

Tingvoll var den siste i ei rekke av lensmannsgardar i Stryn og markerer overgangen frå det gamle lensmannsvesenet til ein moderne politietat. Kombinasjonen av privat og offentleg bruk er karakteristisk og speglar lensmannsinstitusjonens posisjon i lokalsamfunnet og i Noreg. Lensmannen var i regelen bonde på 1800-tallet og hadde i tillegg funksjonen som politi og offentleg tenestemann.

Kart

  • Fredningsår

    12.06.2012

  • Region

    Vestland

  • Eierskap

    Offentlig

  • Datering

    1932

  • Enkeltminne

    Bygning: Bolig