Freding av Sellevåg treskofabrikk

Sellevåg treskofabrikk er ei lita industriperle inst i Gulen i Sogn. Fabrikken produserte tresko heilt fram til 1972 og er eit godt døme på småskalaindustri i Noreg.

Sellevåg treskofabrikk. Foto: Ulf Ingemar Gustafsson Riksantikvaren
Sellevåg Treskofabrikk i Gulen I Sogn. Foto: Ulf Ingemar Gustafsson Riksantikvaren

Fabrikken har sidan 1994 vore eitt av dei utvalde teknisk/industrielle anlegga som har fått stønad frå Riksantikvaren over statsbudsjettet til vedlikehald og istandsetting. No vert fabrikken freda, og riksantikvar Jørn Holme vil sjølv vere tilstades under ei markering av fredinga 12. august. 2012.

Stor produksjon

Industriell fabrikkproduksjon av tresko i Noreg starta opp på slutten av 1800-talet, medan manuell produksjon av tresko har vore ei viktig biinntekt for bønder og husmenn heilt frå slutten av 1700-talet.

Ved Sellevåg treskofabrikk var det produksjon av tresko mellom 1899 og 1972. Fabrikken framstilte to treskomodellar: Strilemodellen og Sognemodellen – den siste litt breiare enn den første, og med meir «svung» i tåa. Under 2. verdskrig, då etterspørselen etter tresko var på topp, kunne fabrikken produsere kring 60.000 par i året. Frå 1952 vart òg sagbruk ei viktig brikke i produksjonslina.

Med unntak av utvidinga i 1952, har fabrikken gjennomgått få endringar. Både maskinene og alt teknisk utstyr for produksjon av tresko samt alt teknisk utstyr for å drive maskinene, står framleis på sin opphavlege stad. Heilskapen og det autentiske i anlegget gjer at Sellevåg treskofabrikk er eit kulturminne av nasjonal interesse. Anlegget har både viktige teknologihistoriske og arkitekturhistoriske verdiar.

Fredingsomfang

Fredinga omfattar eksteriøret og interiøret til bygningane, slik som planløysing, materialbruk og overflatebehandling, og detaljar som vindauge, dører, gerikter, listverk, eldstadar og fast inventar. Fredinga omfattar òg større laust inventar.

Kart

  • Fredningsår

    10.08.2012

  • Region

    Agder

  • Eierskap

    Bedrift

  • Datering

    1899

  • Enkeltminne

    Bygning: Fabrikkbygning