Gardstunet Sud-Åbø

Garden Sud-Åbø ligg i den øvre delen av Åbøgrenda i Hjartdal i Telemark. Han ligg vakkert til i eit kulturlandskap med bygningar som er typiske for gardsbruk i dal- og fjellbygdene i indre Telemark frå mellomalderen til utpå 1900-talet.

Sud-Åbø

Gardstunet ligg som eit rekkjetun på ein voll i eit svakt hellande terreng med løe og fjøs i fronten og stove, eldhus, to loft (loftet og vesleburet) og stall på ei rekkje bak. Bygningane på tunet skal ha fått si noverande plassering i åra mellom 1767 og 1830.

Utanfor sjølve tunet ligg sag, badstue og sommarfjøs/sel. Tidlegare har det også høyrt smie og kjone (tørkehus for mellom anna korn og lin) til garden.

Sud-Åbø har eit loft (vesleburet) som er datert til mellomalderen, og er dermed automatisk freda. Dei andre bygningane på garden er frå 1700-, 1800- og 1900-talet.

Garden har hatt fedrift og jordbruk som hovudnæring og skogsdrift som attåtnæring.

Bygningane speglar dei ulike næringane og representerer ein type gardsdrift som har vore i bruk sidan mellomalderen. På Sud-Åbø er store delar av dei opphavelege bygningane og byggeskikken på staden godt bevart.

Gardane omkring er utskilde frå Sud-Åbø. Kulturlandskapet som garden er ein del av har spor etter gamle vegfar, steinrøyser og steingjerde.

Sud-Åbø som kulturminne

Sud-Åbø representerer det førindustrielle gardsanlegget i eit viktig kulturlandskap i fjell- og dalbygdene i Telemark.

Gardstunet viser endringar i byggeteknikken over eit langt tidsrom der hovudstukturen på tunet er uendra og der mange bygningar med ulike funksjonar framleis er bevarte.

Bilde av alle bygningane til Sud Åbø. Garden Sud-Åbø i Hjartdal har i dag sju freda bygninger på tunet. Foto: Cathrine Skredderstuen Rolland, Riksantikvaren
Sud Åbø Garden Sud-Åbø i Hjartdal har i dag sju freda bygninger på tunet. Foto: Cathrine Skredderstuen Rolland, Riksantikvaren

Førmålet med fredinga

Føremålet med fredinga er å sikre Sud-Åbø som eit arkitektonisk og kulturhistorisk viktig eksempel på eit heilskapeleg gardsanlegg med bygningar frå mellomalderen og 1700-, 1800- og 1900-talet.

Anlegget ligg i eit viktig kulturlandskap som har spor etter drift av garden gjennom desse åra.

Bilde av dei to lofta på Sud - Åbø. Vesleburet til venstre er datert til mellomalderen. Cathrine Skredderstuen Rolland, Riksantikvaren
Sud Åbø Dei to lofta på Sud - Åbø. Vesleburet til venstre er datert til mellomalderen. Foto: Cathrine Skredderstuen Rolland, Riksantikvaren

Freding skal sikre dei enkelte bygningane, den innbyrdes samanhengen dei har og dei kulturhistoriske verdiane som er knytt til anlegget som heilskap. Det er også viktig å ta vare på den kulturhistoriske utviklinga av bygningane.

Freding av eksteriøret skal sikre byggeskikken som bygningane representerer.

Dessutan skal fredinga sikre bevaring av rominndeling, bygningsdelar og overflater i dei delane av interiøra som har kulturhistorisk interesse.

Freding av området rundt bygningane som ein del av det kulturhistoriske landskapet, skal sikre at heilskapen på tunet blir teke vare på slik at gardstunet og bygningne slik dei står i dag blir uendra.

Omfanget av fredinga

Fredinga omfattar loft, sommarfjøs/sel, stove, badstue med utedo, eldhus, låve, fjøs og sag.

I loftet, saga og stova er både eksteriør og interiør freda. For dei andre bygningane er kun eksteriøret freda.

Fast og laust inventar som er freda er omtalt i fredningsbrevet.

Kart Sud-Åbø

  • Fredningsår

    30.06.2017

  • Region

    Østlandet

  • Eierskap

    Privat

  • Datering

    Middelalder, 1700-, 1800-, og 1900-tallet

  • Lokaliteter

    Bebyggelse-Infrastruktur: Gårdstun

Pressemelding

Les pressemeldingen her