Grand Hotel Terminus i Bergen freda

Grand Hotel Terminus i Bergen er ein framståande representant for moderne hotellarkitektur frå 1920-talet.

Grand Hotell Terminus Bergen. Foto: Brit Kyrkjebø
Grand Hotell Terminus Bergen Foto: Brit Kyrkjebø

Formålet med fredinga er å bevare Grand Hotel Terminus som eit arkitekturhistorisk og kulturhistorisk viktig eksempel på bygge- og innreiingskunst frå den elegante 1920-talsklassisismen i Bergen, som ein lokal variant av internasjonal hotellarkitektur og som eit kulturhistorisk dokument om utviklinga i reiselivet.

Reisetrafikk Etter bybrannen i 1916 var det hotellmangel i Bergen. Det moderne Grand Hotel Terminus vart bygd i åra 1925-28 som eit førsteklasses turisthotell ved jernbanestasjonen i Bergen. Bergensbanen sto ferdig i 1909 og batt saman Aust- og Vestlandet på ein ny måte. Utviklinga i samferdsel skapte ny mobilitet for nye grupper.

Flott interiør

Arkitektar var Fredrik Arnesen og Arthur Darre Kaarbø. Dei var kjende for sine gode planløysingar og hotellet har bevart denne relativt uendra sidan 1928. Alle detaljar som dører, vindauge, panel og listverk vart teikna spesielt for bygningen. Innvendig har dei store fellesromma påkosta interiør i nyklassisisme og barokk som fortel om hotellstandard og reiseliv på den tida.

Omfanget av fredinga Dei mest verneverdige interiøra er med i fredinga: biljardrom, dansesal, resepsjon/vestibyle, hall, spisesal, frukostrom, trapperom. Jernbanerestauranten viser hotellets historiske tilknyting til jernbanen og er også inkludert i fredinga.

Riksantikvaren og Hordaland fylkeskommune har forståing for dei spesielle krava som hotelldrift stiller, og vil medverke til å finne praktiske løysingar for behov som måtte oppstå framover.

  • Fredningsår

    01.11.2012

  • Region

    Vestland

  • Eierskap

    Bedrift

  • Datering

    1920 tallet

  • Enkeltminne

    Bygning: Overnattingssted