Handels- og gjestgjevarstaden Vågsberget i Vågsøy freda

Handels- og gjestgjevarstaden Vågsberget i Vågsøy, Sogn og Fjordane er freda

Vågsberget i Vågsøy Sogn og Fjordane. Foto: Geir Olav Gram Riksantikvaren
Vågsberget Handels Og Gjestgiveri i Vågsøy Sogn og Fjordane. Foto: Geir Olav Gram Riksantikvaren

– Vi er glade for at Vågsberget no er freda for ettertida. Staden er ein framifrå representant for norsk kystkultur frå ei tid der sjøen var ein viktig handelsveg, seier riksantikvar Jørn Holme. – Vågsberget ligg i eit uforstyrra natur og kulturlandskap og er ein av dei best bevarte handels- og gjestgjevarstadane på Vestlandet, fortel Holme.

Vågsberget er ein særprega og intakt handels- og gjestgjevarstad som vart bygd opp kring slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet, med historie bakover til 1600-talet.

Fredinga omfattar sju bygningar, deriblant hovudbygningen, som er oppført i overgangen til 1800-tallet. Vågsberget var ein av dei viktigaste handels- og gjestgjevarstadane på Vestlandet, fordi den låg svært lagleg til ved dei rike fiskefelta kring Vågsvåg og Torskangerpollen.

Vågsberget har ei sterk historisk tilknyting til Bergen. I 1636 kom handelsborgar Didrik Fester frå Bergen til Vågsberget, for å drive gard og handel. Dette visast også i arkitekturen, da bruken av liggande panel i heile anlegget er karakteristisk for byggeskikken på Vestlandet som blei inspirert av bergenske byhus. Kystmuseet i Sogn og Fjordane har i dag ansvaret for drifta av eigedommen.

Opphavleg låg Vågsberget under garden Våge, men vart på 1700-talet skilt ut som eigen matrikkelgard. I sjøhusa på Vågsberget har det vore krambu og annen verksemd knytt til fiskeri og handel.

  • Fredningsår

    09.09.2011

  • Region

    Vestland

  • Eierskap

    Privat

  • Datering

    1700-1800 tallet

  • Enkeltminne

    Bygning: Hovedbygning