Mellemværftet

Kystbyen Kristiansund på Nordmøre hadde på 1700- og tidleg på 1800- talet to skipsverft. Eit tredje verft vart bygt mellom desse to i 1856, og fekk, naturlig nok, namnet Mellemværftet.

Om kulturminnet

Området der Mellemværftet ligg, er omtala i eldre skrifter som «jægteopsett», eit område der jekter kunne landsettast for reparasjon/ vedlikehald eller for vinteropplag.Verftet bygde i 1914 den siste jekta som vart bygd i Noreg, «Fosna». Av jekter som framleis er i drift, er både «Skreinen», «Svanhild» og «Dyrafjeld» bygde er der.Mellemværftet slik det står i dag, vart bygd i åra 1887-1890. Verftet har seks bygningar som alle har maskineri og utstyr bevart. Desse er verkstaden, metallstøyperiet, maskinverkstaden, skruelageret, uthuset, mateialbrygga, vinsjehuset og eit kombinert bustadhus og kontorbygg.
Bilde av Verkstadbygget, som truleg er det eldste bygget i Romsdals Amt som er bygd som mekanisk verkstad, er samanbygd med bolig- og administrasjonsbygget på verftet. Foto er tatt av Anke Loska, Riksantikvaren
Verkstadbygget, som truleg er det eldste bygget i Romsdals Amt som er bygd som mekanisk verkstad, er samanbygd med bolig- og administrasjonsbygget på verftet. Foto: Anke Loska, Riksantikvaren
Både slippar, pålar, kraner, og festepunkt er framleis ein del av verftsmiljøet.Riksantikvaren vurderer Mellomværftet som eit viktig kulturminne med verft og bustadhus frå 1800-talet, og som har vore eit viktig landanlegg for flytande kulturminne i Noreg.
Anlegget er svært godt bevart, og korkje interiøret eller eksteriøret er vesentleg endra sidan tidleg på 1900-talet. 
Bildet viser båten M/K Egil frå Veidholmen på Smøla. Foto er tatt av
M/K Egil frå Veidholmen på Smøla. Anke Loska, Riksantikvaren Her på beddingen ved verftet klar for tilsyn og vedlikehald. Foto: Anke Loska, Riksantikvaren

Slik er verftet ei viktig kjelde til kunnskap, oppleving og bruk.Mellemværftet var i samanhengande drift frå 1856 til det vart nedlagt som skipsverft i 1979.

Bilde tatt innenifra verkstadbygget. Det er god utsikt til båtmiljøet i vågen utanfor verftet. Foto er tatt av Hege Skalleberg Gjerde, Riksantikvaren
Frå vindauga i verkstadbygget er det god utsikt til båtmiljøet i vågen utanfor verftet. Foto: Hege Skalleberg Gjerde, Riksantikvaren

Etter nedlegginga

Etter 1979 vart Mellemværftet brukt til fleire private fartøyvernprosjekt, og i 1984 vart verftet redda frå riving med hjelp frå offentlege tilskot. I åra 1984 – 94 vart verftet istandsett med stor dugnadsinnsats. Dermed kunne verftet i ein tiårsperiode ta betalte oppdrag på ulike fartøy.

Samstundes kunne ei ordning med lærlingar i byggfaga trebåtbygging og skipssmedarbeid igangsettast.

Eit naudsynt og omfattande vedlikahaldsarbeid på anlegget vart gjort heilt fram til 2009.I dag er verftet eit levande kulturminne, i regi av Nordmøre museum, mellom anna som ein del av den populære kulturløypa «Vågen rundt».

Føremålet med fredinga

Fem trebåtbyggjarar og ein smed tok svennebrev fram til 2004/5 då lærlingeordninga vart avvikla. Føremålet med fredinga er å bevare Mellemværftet som eit bygnings-, kultur-, og industrihistorisk døme på eit skipsverft fra 1800-talet med bustadhus. Det er viktig å ta vare på anlegget si historiske utvikling fram til 1987, då verftet vart nedlagt.

Etter §19 i kulturminnelova er eit området rundt verftet freda for å kunne ivareta verknaden av det heilskapelege miljøet rundt anlegget. Ein ynskjer å ivareta anlegget som eit skipsveft med ei lang historie, som framleis er i bruk.

Les meir detaljert om omfanget av og føremålet med fredninga i fredningsbrevet.

Kart Mellemværftet

  • Fredningsår

    06.09.2018

  • Region

    Vestlandet

  • Eierskap

    Bedrift

  • Datering

    1856

  • Enkeltminne

    Teknisk/Industrielt minne: Kai-brygge