Mølltunet

Mølltunet er det best bevarte klyngetunet på Sunnmøre, med bygninger attende til 1700-talet som framleis er i bruk.

Om kulturminnet

Møllbygda ligg ved den bratte Ørnevegen ned til, eller opp frå Geiranger, og ligg dermed i den nordre delen av verdsarvområdet Norsk Fjordlandskap.

Mølltunet omfattar tre bruk; Utigard, Bøtel og Framigard med kvar sin eigar.
Tunet har over mange år vore eigd og busett av personar som har vore opptekne av å ta vare på det gamle bygningsmiljøet.

Nye bustadhus og driftsbygning har difor vorte bygde utanfor den gamle tunskipnaden. Slik har det vore mogleg å ta vare på det opphavelege tunet, og samstundes kunne bu og drive eit meir rasjonelt og moderne jordbruk på staden.

Mølltunet har 11 freda bygningar, daterte til 1700-talet og fram til 1905.

Bilde av Mølletunet som ligg nær toppen av Ørnevegen, med dei mange og krappe svingane opp eller ned til Geiranger. Foto: Jorun Elisabet Aresvik Hals, Riksantikvaren
Mølltunet Mølltunet ligg nær toppen av Ørnevegen, med dei mange og krappe svingane opp eller ned til Geiranger. Foto: Jorun Elisabet Aresvik Hals, Riksantikvaren

Dei tre løene er bygde i tradisjonell grindkonstruksjon med lafta fjøs medan dei andre bygningane i tunet hovudsakeleg er bygde i lafta tømmer med innslag av stavverk.

Hagen har bær- og frukttre og innmark som slåtteeng og beitemark med spor etter tidlegare drift.

Klyngetun

Klyngetuna var vanleg på Vestlandet frå mellomalderen og fram til midten av 1800-talet då dei store innmarksutskiftingane fann stad. Klyngetuna danna ofte små, tettbygde «landsbyar» som var samansette av fleire bruk med ein tett sosial struktur.

Etter utskiftingane vart desse oppløyste og enkeltståande bruk vart oppretta. Der det av ulike årsaker, mellom anna rasfare på staden, ikkje var mogeleg å danne enkeltståande bruk, slik som på Møll, vart difor den gamle tunstrukturen ståande.

Omfanget av fredinga

Freding etter §15 i Kulturminnelova gjeld stovebygning, stabbur (nystove), løe og tørkestove på Utigard. På Bøteler stovebygning som er samanbygd med masstove, stabbur (nystove) og løe omfatta, og på Framigard: stovebygning, masstove, løe og samanbygd nystove og bod.

Dessutan er eit område rundt bygningane freda ihht til §19 i Kulturminnelova som vist på kart.

Føremålet med fredinga

Føremålet er å bevare Mølltunet som eit bygningshistorisk og kulturhistorisk viktig døme på eit tettbygd klyngetun i eit bratt vestlandslandskap med bygningar frå midten av 1700-talet og fram til 1905.

Fredinga skal ikkje vere til hinder for bruk som i dag eller ny bruk som ikkje er i strid med formålet med fredinga.

Les meir om formål med og omfang av fredinga i fredingsbrevet.

Kart over mølltunet

Mølltunet kart
  • Fredningsår

    07.12.2017

  • Region

    Vestlandet

  • Eierskap

    Privat

  • Datering

    1700-1900 tallet

  • Lokaliteter

    Bebyggelse-Infrastruktur: Gårdstun