Søndre Aaset i Åmot er freda

Søndre Aaset har ei lang historie som betydeleg skog- og jordbrukseigedom. No er anlegget i Hedmark freda av Riksantikvaren.

Søndre Aaset. Foto: Bård Langvandslien Riksantikvaren
Hovedbygning Søndre Aaset Foto: Bård Langvandslien Riksantikvaren

Tunet på Søndre Aaset ligg i skrånande terreng ned mot elvene Åsta i sør og Glomma i aust. Bygningsmiljøet har høg kulturhistorisk og arkitektonisk verdi.

Søndre Aaset er eit spesielt flott og godt bevart storgardsanlegg, bygd opp på skogdrift i fleire periodar med høgkonjunktur.  Anlegget fortel om skogbruksverksemd og storgardsmiljø i Midt- og Sør-Østerdalen.

Fredinga omfattar den gamle hovudbygningen frå 1800-talet, den store loftsbygningen frå 1700-talet, og stabburet i tre etasjar. Interiøret i dei freda bygningane er usedvanleg rikt og lite endra etter ca. 1850. Eit område rundt vert òg freda for å bevare tunordninga og verknaden  av storgardsmiljøet i det opne jordbrukslandskapet.

Historikk

I skriftlige kjelder kan ein følgje Søndre Aaset attende til skattemanntalet «Gjengjerden» frå 1528. Korporal, seinare kaptein, Knut Jensen Hals kjøpte sjølveigarparten av eigedommen i 1681. Sonen Jens Knutsen Hals kjøpte den parten som inntil då hadde vore i offentleg eige i 1734. Eigedommen har seinare vore drive av etterslekta hans, og er framleis i drift i dag.

Kart

  • Fredningsår

    31.01.2014

  • Region

    Innlandet

  • Eierskap

    Privat

  • Datering

    1800 tallet

  • Enkeltminne

    Bygning: Hovedbygning