Nyheter

Heidra for innsatsen for Borgund stavkyrkje

Håkon Li, kyrkjetenar i Lærdal og tilsynshavar ved Borgund stavkyrkje, har fått Fortidsminneforeningen sin heidersnål for sin innsats ved Borgund stavkyrkje gjennom meir enn 30 år.

Publisert: 2. mars 2020 | Endret: 30. januar 2024

Borgund stavkyrkje
Borgund stavkyrkje Håkon Li har teke mange flotte bilete av Borgund stavkyrkje. Foto: Håkon Li

Under ei markering 28. februar vart Håkon Li takka av etter lang teneste for kyrkja i Lærdal og Fortidsminneforeningen.

Hovudstyremedlem Trude Knutzen Knagenhjelm overrekte Fortidsminneforeningen sin heidersnål til Håkon for sin innsats ved Borgund stavkyrkje gjennom meir enn 30 år.

Håkon
Heidersnål til Håkon Li Hovudstyremedlem Trude Knutzen Knagenhjelm overrekte Fortidsminneforeningen sin heidersnål til Håkon Li for innsatsen ved Borgund stavkyrkje. Foto: Karin Axelsen, Riksantikvaren

Riksantikvaren og COWI helste til pensjonisten og takka for eit godt og verdifullt arbeid. Med ei skriftleg helsing frå riksantikvar Hanna Geiran fekk Håkon ei Schirmer-teikning av stavkyrkja på 1800-talet.

Frå Lærdal sokneråd og kyrkjeverja i Lærdal vart det overrekt blomar og gullklokke for lang og tru teneste.

Les meir på nettsidene til Fortidsminneforeningen

Borgund stavkyrkje med rimfrost
Borgund stavkyrkje Borgund stavkyrkje er vakker uansett årstid. Her med rimfrost. Foto: Håkon Li