Høringer og kunngjøringer

Høyringsforslag: Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Sogn og Fjordane

Riksantikvaren har sendt forslag til Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) i Sogn og Fjordane på høyring. Frist for høyringa er 18. november 2022.

Publisert: 16. august 2022 | Endret: 22. august 2022

Bergkunst på Vingen. Bremanger kommune, Sogn og Fjordane
Bergkunst på Vingen Bremanger kommune Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren

Høyringa går til kommunane der vi foreslår landskap, til styresmakter på regionalt nivå, næringsorganisasjonar, museum, frivillige organisasjonar og andre aktuelle organ. KULA Sogn og Fjordane vil fyrst og fremst ha direkte verknad for arealplanlegging og forvaltning i kommunar og hos andre styresmakter. Høyringa er open og alle har moglegheit til å komme med innspel.

Utkastet omfattar 21 landskap i Sogn og Fjordane som Riksantikvaren foreslår skal inngå i KULA-registeret. På grunnlag av innspel i høyringa vil vi utarbeide ein endeleg rapport.  Landskapa skal til saman vise det kulturhistoriske mangfaldet i gamle Sogn og Fjordane fylke. KULA-områda omfattar landskap i rurale område og viser blant anna spor etter verksemd, ferdsel og busetjing i fylket.

I Sogn og Fjordane inngår desse 21 landskapa i høyringsforslaget:

  • Stadlandet, Stad kommune
  • Selja, Stad kommune
  • Nordfjord, Kinn og Bremanger kommunar
  • Strynefjellet vest, Stryn kommune
  • Midtre Bremanger, Bremanger kommune
  • Den ytre skipsleia med fjelløyene, Askvoll og Kinn kommunar
  • Jølstravatnet, Sunnfjord kommune
  • Tysselandet og Leitet, Fjaler kommune
  • Lustrafjorden, Luster kommune
  • Hyllestad, Hyllestad kommune
  • Høyanger, Høyanger og Sogndal kommunar
  • Balestrand og Vangsnes, Sogndal og Vik kommunar
  • Grinde – Engjasete, Sogndal kommune
  • Strendene i Vik, Vik kommune
  • Hove og Hopperstad, Vik kommune
  • Gulatinget, Gulen kommune
  • Nærøyfjorden i Aurland, Lærdal og Vik kommunar
  • Filefjell vest, Lærdal kommune
  • Lærdal, Lærdal kommune
  • Aurlandsdalen frå Østerbø til Vassbygdi, Aurland kommune

Landskapet har alltid vore i endring, men tempoet og omfanget av endringane i vår tid aukar i en slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Utfordringa er å forvalte landskap på ein måte som både tar vare på, og vidareutviklar det i eit langsiktig perspektiv.

Med KULA-registeret vil Riksantikvaren bidra til at nasjonalt viktige landskap blir tekne vare på i planlegginga. Dette er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, og blir gjennomført i nært samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning og med involvering av kommunane.

Kulturmiljøforvaltninga signaliserer med KULA-registeret tydeleg kva for landskap som har nasjonal interesse, og ynskjer med dette å bidra til ei meir føreseieleg arealplanlegging. Registeret skal være et verktøy for planlegging i kommunane og hos andre styresmakter. Arbeidet med KULA er gjennomført i Østfold (2015), Hordaland (2016), Troms (2018), Buskerud (2020) samt Agder, Akershus og Rogaland (alle i 2021) og arbeidet er i gang i dei fleste fylka.

Digitalt informasjonsmøte

I samband med høyringa inviterer Riksantikvaren og Vestland fylkeskommune til eit digitalt informasjonsmøte. Her held vi ei orientering om KULA Sogn og Fjordane, der det mellom anna vert mogleg å stille spørsmål til Fylkeskommunen og Riksantikvaren. Det er to moglege tidspunkt for deltaking. Ein kan melde seg på anten 15. september kl. 09.00-11.30 eller 27. september kl. 09.00 -11.30. Påmelding kan sendast til Mari.Solheim.Sandsund@ra.no