r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Pressemelding

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne i 2016

Folldal gruver i Hedmark. Foto: Ulf Ingemar Gustafsson, Riksantikvaren

Skriv

Riksantikvaren har fordelt årets tilskot til istandsetting og vedlikehald av utvalde tekniske og industrielle anlegg.

 15 utvalde tekniske og industrielle anlegg får støtte gjennom en fast post i statsbudsjettet til istandsetting, forvalting, drift og vedlikehald.

─ Industrilokale og tekniske anlegg har hatt mykje å seie for næringslivshistoria i Noreg. Vi ønskjer at publikum også i framtida skal få oppleve denne delen av historia, derfor er målet vårt å ta vare på eit utval viktige industrianlegg, seier riksantikvar Jørn Holme.

Folldal kobbergruver i Hedmark frå 1748, som i dag er eit aktivt museum, er årets store satsing. Folldal gruver  får seks millionar kroner, og blir ferdig restaurert i år.

Riksantikvaren har òg prioritert Rjukanbanen, som vart skriven inn på UNESCOs verdsarvliste som del av Rjukan-Notodden industriarv i sommar. Rjukanbanen får over ni millionar kroner.

Atlungstad brenneri (3,8 millionar) og Bredalsholmen verft (4,8 millionar) er òg blant budsjettvinnarane i år.

I tillegg til dei 15 utvalde anlegga har nokre andre tekniske og industrielle kulturminne fått støtte til istandsetting. Eit av desse er Vigsnes gruver på Karmøy, som får 2 500 000 kroner.

Samla søknadssum i 2016 var om lag 157 millionar kroner. Riksantikvaren hadde om lag 54 millionar kroner til fordeling, som dekkjer om lag 34 % av den samla søknadssummen.

Oversikt tilskot, Riksantikvarens bevaringsprogram for tekniske og industrielle anlegg 2016:

 

Atlungstad brenneri, Stange, Hedmark                                                 
3 874 093 kr

Bredalsholmen verft, Kristiansand, Vest-Agder                                      
4 828 334 kr

Fetsund lenser, Fet, Akershus                                                               
3 142 501 kr

Folldal gruver, Folldal, Hedmark                                                             
6 067 500 kr

Haldenkanalen, Halden, Aremark, Marker og Aurskog-Høland,
i Østfold og Akershus                                                                              
1 728 000 kr

Kistefos træsliberi, Jevnaker, Oppland                                                   
1 114 834 kr

Klevfos cellulose og papirfabrikk, Løten, Hedmark                                 
1 251 102 kr

Neptun sildoljefabrikk, Hadsel, Nordland                                                
2 017 999 kr

Næs jernverk, Tvedestrand, Aust-Agder                                                   
1 264 417 kr

Odda smelteverk, Odda, Hordaland                                                         
3 522 143 kr

Rjukanbanen, Tinn, Telemark                                                                 
9 692 826 kr

Salhus trikotagefabrik, Salhus, Bergen, Hordaland                                  
3 179 531 kr

Sjølingstad uldvarefabrik, Lindesnes, Vest-Agder                                    
4 437 721 kr

Spillum dampsag & høvleri, Namsos, Nord-Trøndelag                              
2 446 667 kr

Tyssedal kraftstasjon, Odda, Hordaland                                                  
1 695 000 kr

 

Andre anlegg:

Vigsnes gruver, Karmøy, Rogaland                                                             
2 500 000 kr
Minneslippen, Minnesund, Eidsvoll, Akershus                                                  
300 000 kr

Gloster Gladiator 423, Kjeller, Skedsmo, Akershus                                            
25 000 kr

Eventuelle førehandstilsegn for 2017 kjem i tillegg.

Les meir om dei ulike anlegga på temasidene våre om tekniske og industrielle kulturminne.