r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Endeleg røyk frå røykstova på Grothaug

Nå stig det røyk frå ljoren i den nyrestaurerte røykstova. Ein ope svalgang  bind saman røykstova (t.v) og nystova, som truleg vart attåtbygd på 1700-talet. Dimensjonane på tømmeret, heile 50-70 cm i diameter, vitnar om at materialet er frå sein mellomalder. Slike store tømmerstokkar var lett tilgjengelege etter stillstandstida etter Svartedauen. Foto: Mari Mette Eriksen, Riksantikvaren.

Skriv

Hausten 2017 kom ein i mål med restaureringa av den nær 400 år gamle røykstova på garden Grothaug i Hornindal.

Røykstova er årringsdatert til omkring 1620. På 1990-talet vart ho demontert og delvis satt opp att, som eit ledd i Riksantikvarens mellomalderprosjekt. Men arbeidet stilna, og bygninga stod lenge ubeskytta for vêr og vind.

I 2015 vart det gjeve tilskot på godt og vel 700.000 frå Riksantikvaren, slik at ein kunne få istandsettinga av røykstova sluttført. Eit arbeid som krevde spesiell handverkskompetanse ettersom det skulle gjerast etter 400 år gamal oppskrift for å få resultatet mest mogleg autentisk.

Krevande arbeid

Handverkar Kåre Løvoll leia restaureringsarbeidet. Ein jobb som satte erfarne fagfolk på prøve. Dei mange umerka delane, stokkar og bordkledning frå tidlegare demontering vart møysommeleg satt opp att. Teikningar frå kring 1940 etter ingeniøren Peter Helland-Hansen ga god rettleiing. Dei gamle teikningane var så nøyaktige at ein kunne telje talet på golvbord.

Mykje vart gjort, mellom anna:

  • Utandørs kledning og hjørnestavane vart skifta ut.
  • Store masser av jord inne i stova vart fjerna slik at ein kunne legge nytt tregolv.
  • Taket innvendig fekk nye bjelkar og sperrer der det var nødvendig.
  • For å betre torvtaket vart torvhaldstokkar og krokar skifta ut.
  • Originale dører vart monterte attende.
  • Ny ljore i taket kom på plass.

Ny eigar, ny bruk

Lars Roar Sollid kjøpte garden Grothaug for få år sidan, og han har lagt ned ein stor eigeninnsats for at røykstova på tunet er så bra som ho er. -Det er viktig at bygningen ikkje blir ståande tom, og spørsmålet nå er kva funksjon denne skal ha vidare. Det er ikkje så lett for meg å si no, men kanskje  kan stova  brukast i skulesamanheng, sier Sollid, og fortset: - Ein må fortelja historia om stova til omgjevnadene, gjerne ved hjelp av skilting og informasjon.

Nye torvhaldstokkar og krokar er skifta ut. Foto: Mari Mette Eriksen, Riksantikvaren.

Slik såg svalgangen ut i 2014.

Eigaren Lars Roar Sollid, her saman med faren Rasmus, sit i den nye døropningen til røykstova. Ein gong i framtida vil Lars Roar òg bu fast på Grothaug, når kårhuset er innflyttingsklart. Foto: Mari Mette Eriksen, Riksantikvaren.

Stova stod i mange år utan skikkeleg golv.

Eld i gruva i 2017. Foto: Mari Mette Eriksen, Riksantikvaren.

 

Ny ljore blir testa av handverkar Kåre Løvold, medan eigar Lars Roar Sollid følgjer nøye med. Foto: Mari Mette Eriksen, Riksantikvaren

Ny ljore er istandsett etter originale teikningar, og denne sikrar at røyken frå omnen dreg ut av huset.  Foto: Mari Mette Eriksen, Riksantikvaren.

 

 

Kva er ei røykstove?

Røykstove er ei stove med open eldstad, anten med åre midt på golvet eller ein røykomn i eit hjørne. Kjenneteikn er at røyken vart sleppt ut gjennom ein ljore (opning) i taket.

Bevaringsprogrammet for freda hus i privat eige

Målet til bevaringsprogrammet er at alle freda bygningar i privat eige, ca. 3 400, skal vere sett i stand til eit ordinært vedlikehaldsnivå.

Halvparten av desse bygningane er i god stand, medan dei øvrige treng moderat eller omfattande istandsetting.

Eigarane  kan søkje støtte til konkrete istandsettingsprosjekt og sikringstiltak.

Les meir på nettsidene våre: www.riksantikvaren.no/tilskot