r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Sygard Snerle - moderne drift i freda hus

Mari og Mathias Snerle driv i dag garden Sygard Snerle. Foto: Anja Heie, Riksantikvaren.

Skriv

Garden Sygard Snerle i Vågå har 20 freda hus på tunet. Fleire av desse er  istandsett gjennom ulike stønadsordningar.

«Tanken er, ein gong i famtida, at nedre stugu som her er beskrivi, ein gong kan verta eit godt bustadhus, det er for gale at ho skal stå slik til forfall, og forfallet stanar ikkje med mindre ho vert bebudd av menneske. Som de sikkert skjønar, vil eg om gode makter står meg bi, få rusta opp stugu til eit fullverdig bustadhus ein vakker dag».

Dette skreiv Mathias Snerle (41) i eit brev til Oppland fylkeskommune for snart 10  år sidan. Det var eit hjartesukk. For kvar skal ein starte når eit 1700-tals hus på gardstunet står til fullstendig forfall, har vore ubebudd i fleire titals år og grunnen under huset er i ferd med å skli ut?

Historia om å demontere eit hus

Ein beslutta å ta ned heile bygninga – stokk for stokk. Alt vart merka, dokumentert og demontert våren 2008.

Eg var igjennom ein lang modningsprosess for å gyve laus på istandsettingsprosjektet. Du veit det er ikkje berre berre å ta ned eit heilt hus. Det var noko vilt det heile. Alt låg i ein haug ute på tunet til slutt. Ja, til og med peisen låg i delar utandørs, minnast Mathias.

For å gjere plass for nytt tilbygg med bad og innandørs trapp, vart bygninga flytta nokre meter, men ikkje meir enn at hovudstrukturen på inntunet var bevart. Dermed kunne ein behalde den flotte, opphavelege svalen på stova òg. Så vart ny kjellar støypt.  Tømmerkjerna vart tømra opp att som eit møysommeleg puslespel, og øydelagde stokkar vart skifta ut med materialar av tilsvarande høg kvalitet der det var nødvendig.

 - Vi brukte det meste av det originale tømmeret. Det var faktisk berre ein planke i taket på kjøkkenet ein ikkje fann att etter demonteringa, fortel Mathias.

På garden bur tre generasjonar tett i tett. Her er veslejenta Oda (6 år) framfor eine hovudhuset. Foto: Anja Heie, Riksantikvaren.

Økonomisk stønad + eigeninnsats

- Utfordringane var mange og prosjektet virka til tider umogleg. Her var det essensielt med eit godt samarbeid mellom eigar, handverkarar og oss på tilskot- og forvaltningssida. Spesielt har eigaren lagt ned ein formidabel eigeninnsats, seier Tore Røbergshagen i Oppland fylkeskommune.

Også Mathias sjølv rettar ein stor takk til både fylkeskommunen og Kulturminnefondet, som i si tid ga stønad, og for godt samarbeid den dag i dag, og ikkje minst til lokale handverkarar som har vist stor iver og framifrå fagkompetanse i praksis undervegs.

Funksjonelt samspel

I dag er det ein moderne og funksjonell bustad småbarnsfamilien Snerle bur i. Dermed vart det ikkje berre med tanken om å få «nedre stugu» til å bli eit godt hus å bu i.

På heile garden er det tydelege spor frå gamal tid i fint samspel med ny tid. Sauane har flytta inn i eit heilt nytt fjøs. Den midtre stova på tunet blir leigd ut til turistar via Airbnb i sommarhalvåret.

Framtidige prosjekt

Det er planlagd fleire framtidige istansettingsprosjekt på garden, mellom anna skal det gamle kufjøset bli ført opp att.

- Det er ein evigvarande jobb å halde ein slik stad ved like. Men ved å følgje opp jamnleg og ta små grep, kan ein forhindre stort forfall. Vi er opptatt av å gjere arbeidet best mogleg. Eg håper at husa står i 250 år til og at ungane våre vil ta over i framtida, avsluttar Mathias Snerle.

Sygard Snerle på slutten 1800-talet. Foto Hermann Major Schirmer, Riksantikvaren

Glimt frå garden

Her kan du sjå ein kort filmsnutt der eigaren Mathias Snerle fortel litt om kva som er drivkrafta hans:

Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige

Målet til bevaringsprogrammet er at alle freda bygningar i privat eige, ca. 3 400, skal vere sett i stand til eit ordinært vedlikehaldsnivå.

Halvparten av desse bygningane er i god stand, mens dei øvrige treng moderat eller omfattande istandsetting.

Eigarane  kan søkje støtte til konkrete istandsettingsprosjekt og sikringstiltak.

Les meir på nettsidene våre: www.riksantikvaren.no/tilskot