r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Ordforklaringar (nynorsk)

Ordforklaringar er ei alfabetisk liste med forklaring på sentrale ord som ofte blir brukt i kulturminneforvaltinga.

Anlegg
Omgrepet vert brukt innan kulturminneforvaltinga om ei gruppe bygningar med tilhøyrande areal, for eksempel gardsanlegg, byanlegg eller fabrikkanlegg. Det vert og brukt om byggverk og konstruksjonar som ikkje nødvendigvis inkluderer bygningar, for eksempel veg, bru, tunnel eller grøntanlegg. Når det gjeld arkeologiske kulturminne ligg anlegga ofte under markoverflata.

Antikvariske retningsliner
Retningsliner som ein skal følgje ved tiltak på verna kulturminne. Dei kan vere overordna og generelle, og/eller utforma spesielt for kvart einskilt kulturminne. Retningslinene kan for eksempel innebera krav om bruk av tradisjonelle materiale, utføring og teknikkar og bruk av handverkarar med kunnskap om arbeid med verna kulturminne. I tillegg kan det vere avgrensingar på kva som kan skiftast eller verta fjerna frå kulturminnet.

Arkeologisk kulturminne
Fysiske spor og leivningar etter tidlegare tiders liv og arbeid, der utgraving og dokumentasjon utgjer hovudkjeldene til kunnskapen vår om og oppleving av fortidas samfunn.

Autentisitet
Autentisitet er eit omgrep som blir bruk om kor ekte og /eller opprinneleg objektet er. Autentisitet må alltid sjåast i forhold til noko, for eksempel tidsperiode, stilart, materialbruk eller byggemåte.

Automatisk freda kulturminne
Eit kulturminne som er freda direkte etter lov, utan særskilt vedtak.
Kulturminne som er automatisk freda:
· faste kulturminne frå før 1537
· samiske faste kulturminne frå år 1917 eller eldre
· ståande byggverk med erklært opphav frå perioden 1537-1649
· faste og lause kulturminne på Svalbard frå før 1946. I tillegg er det vedtak for nokre typar kulturminne. (Sjå svalbardmiljølova)
(Skipsfunn eldre enn 100 år er verna etter eigne reglar i kulturminnelova.)

Bergkunst
Bilete og symbol som er hogde, slipte eller måla på berg. Bergkunst finn vi i Noreg som helleristningar, slipte bergbilete, hole- eller hellemåleri.

Bevaringsverdig kulturminne
sjå Verneverdig kulturminne.

Dispensasjon
Fritak frå i eit enkelt tilfelle å følgje ei lov, eit vedtak eller ei forskrift. Innan kulturminneforvaltinga inneber dette:
· dispensasjon frå automatisk freding, dvs. at det vert tilate inngrep i eller ved det automatisk freda kulturminnet
· dispensasjon frå vedtaksfreding, dvs. at det blir gjort unnatak frå fredinga for tiltak som ikkje medfører vesentlege inngrep i kulturminnet
· dispensasjon frå vern gjennom plan- og bygningslova, dvs. at kommunane gjer unnatak frå planavgjerder om vern

Fast kulturminne
Nemninga blir brukt om kulturminne som er jord- eller stadfaste. Funn av gjenstandar inngår som delar av eit fast kulturminne så lenge dei ligg i jorda eller under vatn.

Forskriftsfreda kulturminne eller kulturmiljø
Nemninga blir brukt om kulturminne som er freda ved forskrift og ikkje ved enkeltvedtak. Dette gjeld bygningar og anlegg som er omfatta av ein statleg verneplan, og som var i statleg eige då dei vart freda. Dette gjeld og kulturmiljø.

Forskriftsfreding er ein enklare prosedyre enn freding ved hjelp av enkeltvedtak.

Freda kulturmiljø
Eit kulturmiljø som myndigheitene gir så stor verdi at det må takast vare på for ettertida.

Ei freding er den strengaste forma for vern. Freding vil seie at inngrep/endringar må godkjennast av myndigheitene. Lovene som blir brukte ved freding i dag, er kulturminnelova og svalbardmiljølova.

Freda kulturminne
Eit kulturminne som myndigheitene gir så stor verdi at det må sikrast for ettertida. Eit freda kulturminne er automatisk freda eller vedtaksfreda.

Ei freding er den strengaste forma for vern. Det vil seie at inngrep/endringar må godkjennast av myndigheitene. Lovene som blir brukte ved freding i dag, er kulturminnelova og svalbardmiljølova.

Grøntanlegg
Areal som hovudsakleg er opparbeida med vegetasjonsdekte flater, mellom anna for sport-, rekreasjon- eller prydformål.

Immateriell kulturarv
Immateriell kulturarv betyr praksis, framstillingar, uttrykk, kunnskap og ferdigheiter. For kulturminneforvaltinga er den immaterielle kulturarven knytta til det vi ikkje kan ta på ved eit kulturminne. Dette gjeld til dømes tru, tradisjonar, sagn og hendingar.

Istandsetjing
Reparasjonsarbeid for å få ein bygning, del av ein bygning eller eit anna objekt opp på eit ordinært vedlikehaldsnivå, slik at berre vanleg vedlikehald vil vere nødvendig seinare.
Ei antikvarisk istandsetjing inneber at reparasjonen blir basert på bruk av materiale og teknikkar tilpassa bygningen eller anlegget sin eigenart.

Konservering
Konservering av eit kulturminne tyder at ein sikrar det så godt som mogeleg mot øydeleggingar. Desse øydeleggingane kan vere på grunn av naturleg nedbrytning eller menneskelege inngrep. For bygningar brukar ein vanlegvis ordet istandsetjing.

Krigens kulturminne
Materielle og immaterielle kulturminne etter andre verdskrig og okkupasjonen.

Kulturarv
Samlenamn for materiell og immateriell kultur.
Namnet kulturarv blir særleg brukt i samarbeidet mellom kulturminneforvaltinga, arkivverket og museumssektoren, saman med kommunane og lokale lag og foreiningar.

Kulturlandskap
Alt landskap som er påverka av menneske. Ordet blir brukt når det blir fokusert på den menneskelege påverknaden av landskapet, og særleg ofte om jordbrukslandskap.

Kulturmiljø
Eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. Naturelement med kulturhistorisk verdi kan vere ein del av eit kulturmiljø.
Kulturmiljø kan for eksempel vere eit byområde, ei setergrend, eit fiskevær eller eit industriområde med fabrikkar og bustader.

Kulturminne
Kulturminne er alle spor etter menneska sine liv og virke i det fysiske miljøet. Omgrepet omfattar også stader det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. Naturelement som har kulturhistorisk verdi er òg kulturminne, eller kan inngå som del av eit kulturminne.

Kulturminne kan for eksempel vere bygningar, hagar, gravhaugar, helleristningar, båtar eller vegfar. Desse kan vere frå tidlegare tider eller frå vår eiga tid. Vi skiller mellom lause og faste kulturminne.

Kulturminneverdi
Verdi som blir tillagt eit kulturminne. Forvaltninga, organisasjonar, eigarar, brukarar eller andre kan vurdere kulturminnets verdi på ulike måtar. Verdivurderinga kan endrast over tid.

Kulturminneforvaltinga deler gjerne verdiane inn i tre grupper: kunnskapsverdiar, opplevelsesverdiar og bruksverdiar.

Landskap
Samlenamn på våre omgivnader som ligg utandørs, både naturgitte og menneskeskapte. Landskapet er forma av samspelet mellom mennesket og naturen.
Namnet omfattar alle typar landskap, som for eksempel jordbrukslandskap, industrilandskap, kystlandskap, bylandskap og fjellandskap.

Laust kulturminne
Nemninga blir brukt om kulturminne som er flyttbare.

Listeført kulturminne
Eit kulturminne som etter ei kulturhistorisk vurdering er identifisert som verneverdig og oppført på ei liste over objekt som skal forvaltast på ein nærmare definert måte. Både kulturminne som er formelt verna (ved lov eller forskrift) og kulturminne utan formelt vern kan vere listeførte.

Eksempel på listeføring er NB!registeret, Liste over særleg verneverdige kyrkjer, Landsverneplanenes verneklasse 2, Fartøyvernlista og Gul liste frå Byantikvaren i Oslo.

Lokal verdi
Verdi som blir tillagt kulturminne eller kulturmiljø knytt til lokal verksemd og historie.
Eit kulturminne av lokal verdi kan også få regional og/eller nasjonal verdi.

Miljøovervaking
Ei systematisk innsamling av data ved hjelp av etterprøvbare metodar, som baserer seg på hypotesar om samanhengen mellom årsak og verknad. Overvakinga omfattar både påverknad, effektar og miljøtilstand. Målet er å dokumentere miljøtilstanden og utviklinga av denne.

Motsegn
Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og ei rekkje andre styresmakter kan fremje motsegn, det vil seie ein protest eller innvending mot forslag til arealplanar etter plan- og bygningslova. Så lenge det finnest ei motmæle, kan kommunen ikkje vedta endeleg plan.

Nasjonal interesse
I kulturminneforvaltinga blir omgrepet særleg brukt i verdisettingsprosessar i arbeid med plan- og bygningslova. Det markerer at kulturminneverdiar på nasjonalt nivå kan vere involvert.

Nasjonal verdi
Verdi som blir tillagt kulturminne eller kulturmiljø knytt til viktige fasar og forhold i landets historie. Eit kulturminne av nasjonal verdi kan også få regional og/eller lokal verdi.

Naturlandskap
Omgrepet blir brukt om landskap med liten grad av menneskeskapt påverknad. Nemninga blir også brukt når ein ynskjer å rette fokus mot landskapets geologiske og biologiske innhald.

Nyare tids kulturminne
Kulturminne som er datert til 1537 eller seinare. Ei anna nemning som òg kan brukast, er etterreformatorisk kulturminne.

Regional verdi
Verdi som blir tillagt kulturminne eller kulturmiljø knytt til regional verksemd og historie.
Eit kulturminne av regional verdi kan også få nasjonal og/eller lokal verdi.

Representativitet
At eitt eller eit utval kulturminne er representativt, betyr at det er typisk eller karakteristisk for ei større gruppe kulturminne. Omgrepet blir brukt ved samanlikning med andre kulturminne.

Restaurering
Restaurering tyder å heilt eller delvis tilbakeføre ein bygning eller gjenstand til ein tidlegare tilstand.
Ved restaurering må ein velje kva tidspunkt kulturminnet skal tilbakeførast til. Det kan vere slik det var då det vart laga eller oppført, slik det var på eit seinare tidspunkt eller ein kombinasjon av ulike stadium.

SEFRAK-bygning
Nemninga blir brukt om bygningar som blei registrerte i regi av SEFRAK (Sekretariatet for registrering av faste kulturminne) i åra 1975-1995. Registreringane omfattar i prinsippet alle bygningar som er bygde før 1900, men i enkelte område vart grensa sett noko lenger fram i tid, for eksempel i Finnmark (alle bygningar før 1945.) Det einaste kriteriet for registrering var alder på bygningen.

Sikring
Sikring vil seie alle tiltak for å verne kulturminne og kulturmiljø mot skade og tap. Sikring kan mellom anna dekkje istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel, dokumentasjon og juridiske tiltak. Sikring kan og skje ved arkeologisk utgraving for å ta vare på kunnskapsverdien til kulturminnet.

Skipsfunn
Nemninga blir brukt om gamle båtar som er meir enn hundre år gamle, skipsskrog, tilbehør, last og alt anna som har vore om bord.

Skipsfunn er verna etter eigne reglar i kulturminnelova.

Skjøtsel
Regelmessig vedlikehaldstiltak, for eksempel pleie av vegetasjon for å ta vare på eit kulturminne og/eller eit kulturmiljø. Vedlikehald av eventuelle skilt, stiar og rampar går òg inn i skjøtselomgrepet.

Tiltakshavar
Ein tiltakshavar er den som har det overordna juridiske ansvaret for gjennomføring av tiltak.

Universell utforming
Innan kulturminneforvaltinga inneber universell utforming at kulturminnet blir gjort tilgjengeleg for flest mogeleg. Dette inneber tilrettelegging for besøk og/eller tilrettelagt formidling av kulturminnet sin kunnskaps- og opplevingsverdi.

Vedlikehald
Rutinemessig arbeid for å hindre forfall på grunn av jamn og normal slitasje.

Vedtaksfreda kulturminne
Eit vedtaksfreda kulturminne blir i dag freda gjennom vedtak etter kulturminnelova eller svalbardmiljølova. Vedtaksfredingar etter kulturminnelova kan omfatte alle typar kulturminne yngre enn 1537, ståande byggverk yngre enn 1649, kulturmiljø og farty. Vedtaksfredingar etter svalbardmiljølova kan omfatte kulturminne yngre enn 1945.

Verdsarv
Kulturarv og/eller naturarv som er innskriven på UNESCO si verdsarvliste. Verdsarvstadene utgjer ein felles arv som er umissande for menneske, på tvers av landegrensene.

Verdiskaping
Verdiskaping er bruk av kunnskap, kapital og/eller arbeid med føremål å skape økonomiske verdiar. Meir presist vert omgrepet verdiskaping brukt om den verdiøkinga eit (uferdig) produkt eller ei teneste får i kvart ledd av produksjonsprosessen eller verdikjeda, der verdiskapinga er tilleggsverdien kvart ledd, eller kvar verksemd, gir produktet eller tenesten.

Verna kulturminne
Eit kulturminne som er verna ved lov eller andre verkemiddel. Dei viktigaste lovene er kulturminnelova, plan- og bygningslova, kyrkjelova, svalbardmiljølova og naturmangfaldlova.

Andre verkemiddel for vern er statlege verneplanar, kyrkjerundskrivet, avtaler, listeføring, tilskotsordningar med meir.

Verneverdi
sjå Kulturminneverdi.

Verneverdig kulturminne
Eit verneverdig eller bevaringsverdig kulturminne er eit kulturminne som har gjennomgått ei kulturhistorisk vurdering og er identifisert som verneverdig. Nemningane verneverdig og bevaringsverdig tyder det same og blir brukte om kvarandre.

Dei mest verneverdige kulturminna er av nasjonal verdi. Det er fyrst og fremst desse som blir freda etter kulturminnelova.

Kulturminne kan også ha regional eller lokal verdi . Normalt vil det vere kommunane som sikrar vern av slike kulturminne ved hjelp av plan- og bygningslova.

Ein annan måte å markere at eit kulturminne er verneverdig på, er listeføring.

Dei fleste verneverdige kulturminne er ikkje formelt verna etter kulturminnelova eller plan- og bygningslova. Mange blir likevel tekne vare på fordi dei blir oppfatta som verdifulle av eigarar og brukarar.

Fleire ordforklaringar

Vernestatus
Her er ei oversikt over ulike vernestatusar, og kva dei tyder.

Ordnøkkelen
Database med emneord som vert brukt i fleire av Riksantikvarens basar. Mange av orda har definisjonar.