Nyheter

Klimautfordringar – kva kan vi lære av kulturarven?

Korleis kan kunnskap og erfaringar frå kulturarvsektoren bidra til handteringa av klimautfordringane våre. I nye rapportar frå Nordland og Innlandet ser ein nærare på dette.

Publisert: 23. april 2021 | Endret: 29. januar 2024

Klimautfordringar Ved dårleg vær går sjøen over over kaien ved Selje kloster. Foto: Inger-Marie Aicher-Olsrud, Riksantikvaren

I 2020 publiserte SINTEF sin rapport frå metastudien “Grønt er ikke bare en farge – Bærekraftige bygninger eksisterer allerede”. Denne studien er basert på fleire andre studium og freistar å sjå etter fellestrekk i eksisterande forsking på kulturminne og klima.

Men, det er også gjort fleire lokale undersøkingar på dette feltet. I denne artikkelen kan du lese meir om to lokale undersøkingar som tek føre seg objekt i Nordland og Innlandet fylke.

Klimautfordringar Gjenbruk og restaurering er viktig når ein skal gjere ein innsats for klimaet. Foto: Fredrik Berg, Riksantikvaren

Rapportane er med på å bygge opp eit større kunnskapsgrunnlag for korleis klima påverkar kulturmiljø og kulturminne, og korleis kulturarven kan vere ein ressurs i arbeidet med å redusere påverkinga samfunnet har på klimaet.

Salten – Nordland fylke

I Salten, som er utgangspunktet for denne rapporten, er har det i lang tid vore ein heilskapeleg tankegang rundt både bruks- og bustadhus.

Tankegangen i Salten er prega av praktisk fornuft og ressursøkonomi. Vala dei gjor her var resultat av ei planmessig tilnærming. Ein brukte det ein hadde for handa, men først og fremst måtte ein sørge for å ha for handa det ein hadde bruk for. Bygningar, bygningsdelar, materialar og gjenstandar blei brukt så lenge det var mogleg og føremålsteneleg. Var dei ikkje det lenger, så vart brukbare deler og materialar brukt på nytt i en ny samanheng. Veldig lite blei til avfall.

Bygga var ofte orientert etter vindretning, gjerne skråstilt, og stod kanskje i tette trehusmiljø. Dette reduserer dei samla klimabelastningane på bygget. Det å spare og utnytte varmen best mogleg er grunnleggjande. Det gir redusert fare for skadar, redusert vedlikehald, redusert varmetap og energibruk.

Eldre bustadhus, av typen nordlandshus, er ofte utan vindauge i gavlane. Sjølv når svalen bygd i bindingsverk blei innreia til bustad blei det ofte satt inn vindauge berre i langveggane, ikkje i gavlane. Material- og metodebruk i bygget speglar dei klimatiske påkjenningane.

Innlandet fylke

På oppdrag frå Innlandet fylkeskommune har Asplan Viak og Energibygg AS gjennomført ei omfattande studie av klimagassutslepp for heile 24 bygg!

Analysen freistar å vurdere klimakonsekvensane av kostnadseffektiv, føremålsteneleg energioppgradering av bygg, samanlikna med drift i notilstand, og å erstatte eksisterande bygg med nye. Omsynet til kulturminne ligg til grunn som eit premiss for analysen, men analysen er likevel ikkje rigga for å favorisere oppgradering framfor å rive og bygge nytt. Utrekningane baserer seg nøytrale forutsetningar, og ein har også forsøkt å være så transparent som mogleg.

Eit grunnleggjande spørsmål som har vore leiande for analysen er:

Når er bevaring og oppgradering av eldre bygg ikkje berre eit kulturminnetiltak, men også eit klimatiltak?

For at kvar enkelt byggeigar skal ha nytteverdi av tiltaksvurderingane, har tiltaka blitt vurdert ut frå tilstand og ønska bruksføremål for kvart enkelt bygg.

Ein har også sett på klimagassutslepp frå materialbruk som omfattar produksjon av byggematerialar og transport til byggeplass, energibruk i drift og nødvendig utskifting av materialar over ein periode på 60 år. I samanlikninga med å erstatte dagens bygg med nye, er utslipp frå riveprosess og avhending også medrekna.