Ikke kategorisert - no

Kulturminne under vatn

Søgne dykkarklubb fann i påska 2019 vraket av skipet «Juffrau Elisabeth». Les meir om skipet i denne artikkelen, og høyr om kulturminne under vatn i podkastepisoden «Skipsvrak».

Publisert: 4. mars 2020

Juffrau Elisabeth Vraket er urøyrd, og det ligg fleire gjenstander rundt det. Foto: Christian Skauge, bladet Dykking

Kva skjedde då det nederlandske handelsskipet «Juffrau Elisabeth» sokk den 21. mars 1760? Det får vi kanskje aldri eit klart svar på, men skipet er eit av mange kulturminne i Noreg som ligg under vatn. I siste episode av podkasten vår «Alt du ikkje visste om» tek vi opp tematikken med seniorrådgjevar Ivar Nesse-Aarrestad. Der snakkar vi blant anna om «Juffrau Elisabeth», og korleis historiske kjelder avdekker uklare høve kring forliset.

Høyr episoden på Spotify her eller bruk avspelaren under.

Skipet var på veg frå Amsterdam til Drøbak og mannskapet bestod av skipper Pitter Eelkesh og tre andre. Historiske kjelder kastar lys over ei rekkje kritikkverdige tilhøve kring forliset. På kvelden den 21. mars segla dei inn i skjergarden i Søgne. Klokka to om natta støtte dei på eitt av Gjedderøeskjera. Då gjekk dei i skipsbåten og redda seg i land. Neste dag kjem bergingsmannskap til staden. Skipet står framleis fast på skjæret, men sklir av grunnen etter ein kraftig brottsjø og får vind i segla. Deretter går det på eit nytt skjer og går ned ved Gjedderøe.

Det som gjer forliset mistenkjeleg er korleis skipper Pitter Eelkesh oppfører seg, både den aktuelle natta skipet går på grunn og i tida etterpå.

Var det eit uhell?

I sjøforklaringa på vrakstaden 24. mars og på Eid gard den 28. mars kritiserer bergingsmannskapa Pitter Eelkesh for ikkje å ha tatt ned segl, freista å få festna ankeret i botn og elles sørga for å ha tau og anna reiskap klare til fortøying. Tauverket var surra under dekk og hadde det vore tilgjengeleg ville bergingsmannskapa klart å få galeasen inn på grunna på Gjedderøe før den vart meir skada.

Redningsforsøk

Fleire tiltak vart vurdert for å forhindre at galesan sokk ytterlegare. Ein kunne trekkje det opp med to ekstra skip, men det kunne verte kostbart. Difor ville ein helst nytte seg av spel med tau frå land slik at ein fekk bakparten av skipet opp på grunna.

Men, Eelkesh ville ikkje gå med på dette utan vidare.

Juffrau Elisabeth Leirkrukke som ligg ved vraket. Foto: Christian Skauge, bladet Dykking

Han meinte at reiaren hans måtte godkjenne kostnadane ved ein redningsoperasjon før den kunne gå i gang. Eelkesh ville helst sende mannskapet heim til Nederland så snart som råd. Torsdag den 27. mars vart det satt «Extra Rett» på Eid gard, men Eelkesh møtte ikkje opp. Han var i Kristiansand for å få reisepass til mannskapet sitt.

Juffrau Elisabeth Her ser ein ankeret, som framleis ligg tett ved skipet. Foto: Christian Skauge, bladet Dykking

Eelkesh får kritikk

Dagen etter vart det arrangert eit nytt rettsmøte med Eelkesh til stades. Her gjentek han i vitneforklaringa at han ikkje kan seie noko utan godkjenning frå reiaren sin. Han får deretter kraftig kritikk frå amtmann Jens Stoud. Eelkesh viste dårleg sjømannskap og retten meinte han ikkje hadde gjort det han kunne for å hindre forliset. Han held også fram seglasen etter å ha fått landkjenning.

Eelkesh spør om referat frå alle møter og held fast på forklaringa si om at reiaren må godkjenne kostnadane ved ein redningsoperasjon.

Juffrau Elisabeth Den oppmurte byssa er framleis inntakt. Foto: Christian Skauge, bladet Dykking

Fantastisk funn

Kvifor oppførte Eelkesh seg slik? Hadde han noko å skjule? Her sluttar dei spora vi har klart å leite fram. Men, det som verkeleg er spanande med funnet er at det faktisk er mogleg å spekulere i årsaka til forliset. Det er nemleg sjeldan ein finn urøyrde skipsvrak som også kan sporast så detaljert i historisk kjeldemateriale.

Vi veit ikkje kva som skjedde vidare med Pitter Eelkesh og mannskapet hans, men historia om «Juffrau Elisabeth» må skrivast på nytt. I framtida vil skipet vere ei fantastisk kjelde for forsking. Sjølv om mysteriet om skipet faktisk forliste eller ikkje er oppklara, kan ein framleis spekulere på kva som skjedde i Søgne den stormfulle natta 21. mars 1760.

Artikkelen vart først publisert i Riksantikvaren sitt årlege magasin «Alle tiders» som kom ut i desember 2019.

Kjelde:
Skipsforlis og -havarier gjennom 500 år i Søgne skjærgård – Jan G. Langfeldt

Alle foto er publisert med løyve frå bladet Dykking og fotograf Christian Skauge

Alt du ikkje visste om

er Riksantikvaren sin podkast. Her kan du høyre morosame fakta om alt frå mellomalderbygg og gamle rutebåtar, til kokegroper og stabbur.

Podkasten baserer seg på samtalar med Riksantikvaren sine tilsette. Her får dei tid til å reflektere over faget sitt og arbeidet dei gjer for kulturminnene våre.

Her finn du alle publiserte episodar