Avgjørelser i klagesaker

LKEG Hardingen sr. Klage på Vestland fylkeskommune sitt vedtak om mellombels freding. Kulturminneloven § 22 nr. 4, jamfør § 14a.

Vår referanse 22/01338

Publisert: 15. juni 2022 | Endret: 29. januar 2024

Vestland fylkeskommune fatta i februar 2002 vedtak om mellombels freding av båten LGED Hardingen sr. Mellombels freding er grunngjeve med at båten har mogleg nasjonal verdi, og at han sto i fare, ettersom eigaren har varsla eventuell hogging av båten. Eigaren klagde på vedtaket.

Riksantikvaren har vurdert saka og kome til at vedtak om mellombels freding ikkje vert heva. Vedtaket gjeld fram til 1. oktober 2022. Vestland fylkeskommune skal før same dato ta stilling til om ein vil fremje sak om mogleg permanent freding av båten. Dersom ein startar permanent fredingssak, vert vedtak om mellombels freding ståande, i motsatt høve fell vedtak om mellombels fredning burt.