Nyheter

Neptun sildeoljefabrikk freda av Riksantikvaren

Då Neptun sildeoljefabrikk på Melbu i Nordland vart etablert i 1910, var den landet sin mest moderne sildoljefabrikk. I dag er råstofftankane konsertarena, og Norsk Fiskeindustrimuseum held til i dei gamle produksjonslokala.

Publisert: 26. november 2019 | Endret: 30. januar 2024

Bilde viser Neptun Sildoljefabrik som ble etablert i 1910 og ligger på Svinøya, i Hadsel kommune, Nordland fylke. fotograf er Trond Isaksen
Neptun Sildoljefabrik som ble etablert i 1910 og ligger på Svinøya, i Hadsel kommune, Nordland fylke. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Industriell produksjon av sildeolje i Noreg starta på slutten av 1870-tallet då eit britisk selskap etablerte ein fabrikk for fiskeguano i Brettesnes i Lofoten. Dette var starten på eit industrieventyr som Neptun sildeoljefabrikk er ein viktig del av. Anlegget ligg i eit typisk nordlandsk landskap, med tilgang til havet og ei trygg hamn.

Riksantikvaren fredar anlegget som representant for den industrielle fiskerinæringa i Nord-Noreg.

Anlegget er ein del av bevaringsprogrammet for 15 tekniske og industrielle kulturminner.

Desse anlegga representerer eit nasjonalt tverrsnitt av kulturminne knytta til den industrielle utviklinga i Noreg.

Neptun sildeoljefabrikk er freda av Riksantikvaren som ein representant for den industrielle fiskerinæringa. Bildet viser Tankene og formannsbygningen. Fotograf Trond Isaksen
Neptun Sildoljefabrik Neptun sildeoljefabrikk er freda av Riksantikvaren som ein representant for den industrielle fiskerinæringa. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Neptun er det nordlegaste av anlegga i Riksantikvaren sitt bevaringsprogram. Det er eit utruleg spanande kulturminne som skildrar historia om den norske fiskeindustrien, seier riksantikvar Hanna Geiran.

I dag nyttast dei gamle råstofftankane som konsertarena og det er museumsdrift i dei gamle produksjonslokala.

– Føremålet med fredninga er å sikre ein representant for den industrielle fiskerinæringa og foredling av fiskeråstoff. Bruk er godt vern! På den måten vert fabrikken teken vare på når den ikkje lenger er i ordinær drift, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Historisk bakgrunn

I 1916 var det 32 eller 48 sildoljefabrikker i Norge, avhengig av kva kjelder som leggjast til grunn. 19 av desse lå i Nord-Noreg, og var landet sine største og mest moderne sildeoljefabrikkar. Frå 1930-talet endra tilhøva i sildoljeindustrien seg og mykje av produksjonen vart samla på Vestlandet. På 60-talet førte overfiske, overkapasitet og prisfall på den internasjonale marknaden til krise i sildoljenæringa. Anlegget vart kraftig modernisert mot slutten av 70-talet, men etter kvart som silde- og loddebestanden kollapsa, forsvann grunnlaget for vidare drift. Fabrikken vart lagd ned i 1987. Museet er åpent i sommarsesongen mellom 20.06.−31.08 og elles etter avtale.

Dato 26.11.2019 14:05 endret 26.11.2019 14:05