Nyheter

Ny stortingsmelding

Gjenbruk og istandsetting av kulturminne og kulturmiljø er samfunnsnyttig både av omsyn til klima, ressursbruk og økonomi. Det kjem fram i ei stortingsmelding med nye nasjonale mål for kulturmiljøpolitikken som regjeringa la fram på fredag.

Publisert: 20. april 2020

Forside stortingsmelding

Dei nye nasjonale måla i kulturmiljøpolitikken legg vekt på engasjement, berekraft og mangfald:

  • Alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.
  • Kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging.
  • Eit mangfald av kulturmiljø skal bli tatt vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

Meldinga legg til dømes vekt på korleis det kan vere meir klimavenleg å ta vare på gamle bygningar framfør å rive og bygge nytt.

Kulturmiljø

Gjennom meldinga vert “kulturmiljø” innført som eit samleomgrep for kulturminne, kulturmiljø og landskap. Omgrepet understrekar verdien av heilskap og samanheng, og tilknytinga til den øvrige klima- og miljøpolitikken blir tydelegare.

Kulturmiljø er alle dei spora etter menneskeleg aktivitet og historie som omgjev oss. Det kan vere alt frå kyrkjer og mjølkeramper, til steinalderbuplassar og fangeleire frå andre verdskrig. Eller eit jordbrukslandskap forma gjennom fleire hundre år med iherdig arbeid. Desse spora er ressursar for kunnskap, opplevingar og bruk både no og i framtida.

Les heile pressemeldinga frå Klima- og miljødepartementet og last ned meldinga her