Nyheter

Nye utvalde kulturlandskap i jordbruket

No blir det arbeidd med å få på plass 14 nye landskap i ordninga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket» fram mot 2020.

Publisert: 22. juni 2018 | Endret: 19. desember 2019

Bilde av Hamrabø, Suldal. Foto: Jarle Lunde, SuldalFoto.no
Hamrabø, Suldal Foto: Jarle Lunde, SuldalFoto.no

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei ordning som er basert på frivillig samarbeid og stort lokalt engasjement. Jordbruket bidrar til å ta vare på kulturlandskapet, som med sine kulturminne og sitt naturmangfald har stor verdi. Områda utgjer eit eksklusivt utval nasjonalt og dei gir grunnlag for flotte opplevingar for både fastbuande og tilreisande.

I dag markerte klima- og miljøminister Ola Elvestuen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale at ni nye område er på plass i 2018.

Innan 2020 vil vi dermed ha 46 utvalde kulturlandskap i jordbruket, noko som er ein dobling sidan 2016.

Det er Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet som har utpeikt dei nye utvalde kulturlandskapa etter ei tilråding frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren.

Flyfoto av Norangsdalen - Hjørundfjorden. Foto: Per Urke
Norangsdalen – Hjørundfjorden.:
Bilde fra et av de utvalgte kulturlandskapene, Røst. Foto: Oskar Puschmann
Røst: