Nyheter

Opning av ny historisk vandrerute

Dei første føtene trakka på stien for 9000 år sidan. No blir «Driftavegen gjennom Viglesdalen» den aller første historiske vandreruta i Rogaland. Historiske vandreruter er turruter som går langs gamle stiar eller vegfar.

Publisert: 16. september 2020

På veg inn til Viglesdalen. Foto: Njål Vadla, Stavanger Turistforening

Historiske vandreruter finnes over heile landet, og er eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening og Riksantikvaren. De utvalde rutene gir deg flotte friluftsopplevingar i kombinasjon med spanande kulturarv.

Viglesdalen i Ryfylkeheiene. Foto: John Petter Nordbø

Driftavegen gjennom Viglesdalen

Den Historiske vandreruta «Driftavegen gjennom Viglesdalen» går i turområdet Ryfylkeheiane. Den gamle ferdselsvegen fylgjer dalføret innover mot turisthytta til Stakken, vidare til Nilsebuvatnet og Nilsebu. Driftavegen gjennom Viglesdalen går gjennom eit fantastisk kulturlandskap, med arkeologiske spor heilt tilbake til jernalderen. Dei første føtene som trakka opp stien, tilhøyrde jegerar som følgde villreinen for snart 9000 år sidan.

Ruta går i Hjelmeland kommune, mellom Nes i Årdal og Nilsebu. Undervegs går ruta forbi tre av Stavanger Turistforening sine hytter: Viglesdalen, Stakken og Nilsebu.

– Historiske vandreruter gir deg flotte friluftsopplevingar i kombinasjon med spennande kulturarv. Det veit me mange er interesserte i! I år er det opna to nye ruter, Driftavegen og Hallingskeidvegen. Saman med dei andre rutene bidreg dei til at ferdselsminna framleis er synlege og at ein også i framtida kan oppleva den unike kulturarven knytt til dei, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Stakken. Foto: Odd Inge Worsøe
Nilsebu. Foto: Odd Inge Worsøe
Viglesdalen. Foto: John Petter Nordbø

Etableringa av vandreruta er eit samarbeid mellom Stavanger Turistforening, Hjelmeland kommune, Rogaland fylkeskommune og Riksantikvaren, støtta av Miljødirektoratet.

Les om turen på Turistforeningen sine nettsider.

Historiske vandreruter

  • er eit samarbeid mellom DNT og Riksantikvaren
  • gir gamle ferdselsvegar nytt liv som turruter

Sjå oppdatert oversikt over vandrerutene

på historiskevandreruter.no

Brosjyre om historiske vandreruter

Last ned brosjyren om historiske vandreruter

Viglesdalen – Historisk vandrerute Foto: Stavanger Turistforening