Nyheter

Kulturarv-gründerar får hjelp!

Næringsdrift i gamle hus er utfordrande. Riksantikvarens nye rettleiar skal gjere det enklare for kulturarv-gründerar som vil starte med næringsdrift i gamle hus.

Publisert: 11. januar 2024 | Endret: 29. januar 2024

Hommedal Prestegård Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Vern gjennom bruk er den beste måten å ta vare på kulturmiljø. No gjer vi det lettare for kulturarv-gründerar og andre som ønskjer å ta i bruk kulturminne. Med ein ny rettleiar vil gründerar få hjelp til å starte sine prosjekter, seier Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Med rettleiaren følgjer også ei samling eksempel som syner prosjekt der det har blitt starta næring i gamle hus. Eksempla syner ulike typar næring, i ulike kulturminne, og er henta inn frå både nord- og Sør-Noreg.

– Det er viktig å sjå desse eksempla i samanheng med rettleiaren, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Det er ein ting å lese og følgje ein rettleiar, men det å få erfaringar frå andre folk som har gått gjennom denne prosessen er minst like viktig og kan i tillegg vere inspirerande, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Når ein skal etablere ny næring i eit hus med vern, kan det vere vanskeleg å vite kva for myndigheiter som må involverast og når, kva ein må søkje om og korleis ein kan få hjelp. Rettleiaren gjev ei overordna oversikt over prosessen, informasjon om dei vanlegaste myndigheitene ein kjem i kontakt med, og råd om ting du som tiltakshavar bør tenkje på når du skal planlegge tiltaket.

Ikkje enkelt

Det kan vere fleire grunnar til at oppstart av næring, både i gamle og ikkje fullt så gamle hus, er utfordrande. Undersøkingar viser at prosessane for å få dette til ofte opplevast som langvarige, kostnadskrevjande og uføreseielege. Ofte er det mange involverte myndigheiter, og usikkerheit som gjer at folk ikkje kjem i gang. Rettleiaren har som mål å gjere planlegginga i startfasen enklare. Råda skal kunne gje næringsdrivar tydelege svar tidleg i prosessen.

– Kulturminnefondet ser den nye rettleiaren som eit avgjerande hjelpemiddel i arbeidet, fordi mange som søkjer om støtte hjå oss, har konkrete planar om å gje kulturminnet ein aktiv bruk med næringsverksemd framover, seier Simen Bjørgen direktør i Kulturminnefondet.

Rakettkiosken i Tromsø
Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren
Festiviteten i Larvik
Foto: Kyrre Sundal
Hommedal Prestegård
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Bergen Kjøtt
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Tollboden på Innlandet, Kristiansund
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Ofte er det mange involverte myndigheiter, dårleg dialog og usikkerheit som gjer at folk ikkje kjem i gang. Rettleiaren har som mål å gjere planlegginga i startfasen enklare.

Ulike eksempel, like utfordringar

Kulturfabrikken Bergen Kjøtt er komen inn som del av samlinga. Her har det vore utfordringar knytt til å gjere lokalet universelt tilgjengeleg. I eit bygg laga av betong vil alle nødvendige endringar som påverkar konstruksjonen vere ei utfordring. Eit anna eksempel er “Raketten” i Tromsø. Der har ein fått løyve til skjenking og no er det bar og servering av pølser i kiosken. Festiviteten i Larvik er også eit av eksempla i samlinga. Festiviteten har blitt eit fleirbrukshus, med kontorlokale, restaurant, og ein spektakulær festsal til utleige for kulturarrangement, konferansar og føredrag. Eksempla syner variasjonen i ulike næringsformer og den kreative nye bruken av gamle hus i Noreg.

– Gjenbruk av gamle, og ikkje fullt så gamle, bygg er ein viktig del i kampen mot klimaendringane og denne rettleiaren skal bidra til at det blir enklare å ta i bruk gamle hus til næringsføremål, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Riksantikvaren arbeider utifrå at bruk er det beste vern, og at kulturminne og kulturmiljø er ein viktig ressurs for samfunnet, for næringsliv, reiseliv og nærmiljø. Dei skapar opplevingar og gode stadar å bu, besøke og leve i. Når kulturminne blir nytta som ein ressurs, aukar også sjansen for at kulturminna blir tekne vare på.

Ny bruk

Når ein eldre bygning med kulturminneverdiar skal få ny bruk som næring, er det ein del krav som må oppfyllast. Difor er det viktig å ha god og tidleg dialog med alle myndigheiter som er involvert, og kartleggje kor det er rom for andre løysingar og kva som er absolutte krav. Nokon krav er må-krav som ikkje kan fråvikast, medan det kan vere større rom for å finne alternativ til andre krav. Ofte finst det fleire løysingar på eit problem, og det finst fleire ulike firma som kan hjelpe til med å finne gode alternativ.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Eksempelsamling
Rettleiar for næringsetablering i kulturmiljø