Bevaringsprogramma

Ruinar

Målet til bevaringsprogrammet for ruinar er at eit utval ruinar skal sikrast og gjerast tilgjengeleg for publikum. I Noreg har vi rundt 100 større og mindre ruinar frå mellomalderen.

Murkonservering på Holla kirkeruin
Holla Kirkeruin Murkonservering på Holla kirkeruin. Foto: Inger-Marie Aicher Olsrud, Riksantikvaren

Arbeidet i bevaringsprogrammet

Etter ein gjennomgang av tilstanden til ruinane i 2005, har Riksantikvaren vurdert kva som skal gjerast med dei einskilde ruinane. Dei fleste av desse ruinane er kyrkjeruinar, men det finst også ruinar etter klosteranlegg og borg- og festningsanlegg.

Konservering, skjøtsel  og tilrettelegging av dei største ruinanlegga i landet blir prioritert i programmet. Det same blir ruinar som engasjerer lokalmiljøet sterkt.

Sidan oppstarten i 2006 er 20 anlegg ferdig konservert. Med “ferdig” meiner vi at dei er sette i stand slik at dei berre treng vanleg ettersyn og vedlikehald av murverk og omgivnader.

Ein må likevel rekne med enkelte større tiltak framover også på dei anlegga som no blir sett på som ferdige. For tida er tolv ruinanlegg under restaurering. Kunnskaps- og kompetanseutvikling er ein viktig del av arbeidet med sikring av mellomalderruinar.

Informasjonsskilt
Tenor krikeruin ved Eidsberg i Østfold har fått informasjonsskilt.

Kva er ein ruin?

Ein ruin er er restane etter bygg eller anlegg. Dei er bygd av stein eller tegl lagt i kalkmørtel, og er frå før reformasjonen (1537).

Les meir om ruinar i Riksantikvaren sitt vitenarkiv.

Konservering

Å konservere ein ruin slik at den skal tole dei same påkjenningane som ein bygning med tak, er ei utfordring, og krev spesialkompetanse. Kurs for murarar, eigarar og forvaltarar er difor ein viktig del av programmet.

For å gjere ruinane kjende som ein del av kulturarven vår, arbeidar ein også med informasjonsformidling, mellom anna med faktaark, utstillingar og film.

Publisert: 14. desember 2019 | Endret: 15. april 2021