Bevaringsprogramma

Stavkyrkjene

Gjennom bevaringsprogrammet for stavkyrkjene har dei 28 stavkyrkjene i Noreg vorte sette i stand. Dei er eksempel på det fremste handverket vi har her i landet når det gjeld konstruksjon, materialvalg, dekor og inventar.

Detaljer fra Lom stavkirke
Lom Stavkirke Takdetaljer. Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren

Stavkyrkjene er ein spesielt verdifull del av bygningsarven vår. Mange av kyrkjene var prega av mangel på vedlikehald og var i dårleg stand da bevaringsprogrammet for stavkyrkjene starta i 2001. Då programmet vart avslutta i 2015, var alle dei 28 stavkyrkjene ferdig istandsette.

Korleis vart kyrkjene sette i stand?

Kyrkjene vart i all hovudsak istandsett slik dei er i dag, utan noko tilbakeføring til tidlegare periodar.

I arbeidet med stavkyrkjene har ein vore avhengig av å byggje vidare på den kunnskapen som er opparbeidd innanfor tradisjonelt bygghandverk, ved bruk av ulike tradisjonelle material og metodar. Samstundes har stavkyrkjeprogrammet gjeve gode moglegheiter for detaljstudiar av bygningane. Det å kunne lese og forstå spor etter verkty har vore eit viktig element i arbeidet med istandsetjinga av stavkyrkjene.

Målet har heile tida vore å ta vare på mest mogleg av dei opphavlege delane. Der dette ikkje har vore mogleg har handverkarar gjort eit framifrå arbeid med å kopiere bygningsdelar der det har vore naudsynt å byte delar av bygget eller spunse ein skade.

Samstundes har materialkvalitet, og kunnskap om bruk av rett virke, vore eit viktig gjennomgangstema i arbeida med kyrkjene. Arbeidet med å hente ut rett virke til rett bruk har kravd god langsiktig planlegging for å til dømes ha godt malma og rettvokse virke til produksjon av spon. Vidare har det vore viktig å ha gode lager med materiale, fordi mange skjulte vart avdekka fyrst når istandsetjing var godt i gang og arbeidet med å demontere skadde bygningsdelar vart gjennomført.

Hopperstad stavkyrkje
Hopperstad Stavkyrkje etter at ho vart sett i stand gjennom bevaringsprogrammet for stavkyrkjene. Foto: Dagfinn Rasmussen Riksantikvaren

Relevante lenker

Her finn du lenke til rapportar frå instandsettinga av stavkyrkjene

Rapportar – Stavkyrkjene

Konservering av kyrkjekunsten

Som ein viktig del stavkyrkjeprogrammet, var eit av måla å konservere kyrkjekunsten i kyrkjene. Det var difor naudsynt å gjennomføre ei omfattande tilstandsregistrering av både kunst og inventar i stavkyrkjene. Det vart utført tilstandsregistrering av 852 gjenstandar og dekorerte flater i 27 kyrkjer. Gjennom ei oversikt over kva som er i stavkyrkjene og i kva tilstand det var, kunne ein gjere ei prioritering av dei tiltaka som var viktige å få utført.

Bevaringstiltak utløyst av tilstandsregistreringa vart i størst mogleg grad koordinert med istandsetjinga av sjølve kyrkjebygga. I visse høve var det naudsynt å dekke til, eller flytte ut gjenstandar før arbeidet med bygget starta, medan det i andre høve var meir hensiktsmessig å starte konserveringa av gjenstandane då kyrkjebygga var ferdig sette i stand.

Lokal medvirking

Ved mange høve engasjerte kyrkjeeigaren ein lokal prosjektleiar. Det vart også i størst mogleg grad nytta lokale handverkarar.

Lokal deltaking var med på å auke kunnskapen om kyrkjene og samstundes skape ein spanande møteplass for den lokale befolkninga og tilreisande.

Brannsikring

Alle stavkyrkjene har brannsikringsanlegg. I samband med istandsetjingsarbeida vart det og gjennomført arbeid med vidare oppgradering av desse anlegga.

Publisert: 15. desember 2019