PROSJEKTER OG SATSINGER

Rettleiar og eksempelsamling for nærings­etablering i kultur­miljø 2023

Prosjektet er ei oppfølging av regjeringa sin strategi for kultur og næringsliv som Riksantikvaren har fått ansvaret for.

Kongsvinger festning. Kasserne. Hotell. Bad. Innendørs
Kaserna på Kongsvigner festning er freda, og ikkje lenger i bruk som kaserne. Ho har fått nytt liv som hotell. Mellom anna har det blitt sett i bad på alle rom. Bada er frittståande modular som krevde mindre inngrep enn alternativa.

Kulturminnemeldinga Meld. St. 16. Nye mål i kulturmiljøpolitikken – engasjement, bærekraft og mangfold (2019-2020) seier at kulturarven er ein samfunnsressurs som i større grad bør nyttast til å utvikle livskraftige lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling. Regjeringa sin strategi for kultur og reiseliv inneheld fleire tiltak som har dette som mål.  

For å bidra til dette målet skal Riksantikvaren mellom anna utarbeide ein rettleiar og ei eksempelsamling. Desse verktøya skal vere retta mot næringsaktørar og offentleg forvalting, og skal: 

  • gjere det lettare å etablere næringsverksemd i kulturminne (bygningar) 
  • fremje ei felles forståing av gjeldande reglar for bruk av verna bygg til næringsformål 

Statusoppdatering – mai 2023

I mai vart førsteutkast til rettleiar og også eit forslag på eksempel til eksempelsamlinga ferdigstilt og sendt til den eksterne referansegruppa for ein gjennomgang. Når den eksterne referansegruppa har gjeve si tilbakemelding vil Riksantikvaren arbeide vidare med rettleiaren basert på innspela vi får, og sette i gang arbeidet med å produsere eksempel.

Eksempla blir henta inn frå heile landet, og i arbeidet vektlegg prosjektet å få god variasjon både i type hus, type næring og type utfordringar. Det blir lagt særleg vekt på dei næringane og typar utfordringar som er identifiserte i Norsk Kulturarv sin rapport Vern gjennom bruk – Hva hindrer næringsvirksomhet med utgangspunkt i kulturminner?

Før påske kontakta Riksantikvaren alle fylkeskommunane, Sametinget, ei rekke kommunar og Fortidsminneforeininga for å spørje om dei ville bidra i uttesting av verktøya. To fylkeskommunar har gjeve tilbakemelding om at dei ønskjer å delta i dette arbeidet. Attendemeldingane frå Troms og Finnmark fylkeskommune og Viken fylkeskommune vil bli viktige for å justere og tilpassa verktøya, og nærare detaljering av samarbeidet blir gjennomført før sommaren.

Samarbeid med eksterne partar

Ei viktig føring for arbeidet er å legge vekt på samarbeid med mange aktørar. Det er difor oppretta ei ekstern referansegruppe der representantar frå fylke og kommunar deltek, saman med mellom anna Arbeidstilsynet, NHO Reiseliv, Innovasjon Noreg, Norsk Kulturarv og Kulturminnefondet. Oppgåva til referansegruppa er mellom anna å spele inn behov, utfordringar og kritiske suksessfaktorar for arbeidet, og å kvalitetssikre leveransane.

I april var det sendt ut førespurnad til fylkeskommunar, interesseorganisasjonar og eigarar om å spele inn moglege eksempel. Krav til eksempla framgår av faktaboksen på sida. Det vart også sendt ut ein questback-survey til alle fylkeskommunane og en del kommunar knytt til Riksantikvaren si eksempelsamling som også vil gjelde behov til den næringsretta eksempelsamlinga. Fylka vil vere viktige nav for bruken av rettleiaren og eksempelsamlinga, og det er difor nyttig for det vidare arbeidet med deira innspel her. 

Tilhøvet til bevaringsstrategiane og verdiskapingsarbeidet

Dette prosjektet er eit svar på ei eiga bestilling i tildelingsbrevet til Riksantikvaren 2023, men heng også saman med arbeidet med tematiske bevaringsstrategiar, spesifikt den føreslegne strategien for sirkulærøkonomi og ombruk, og med det pågåande verdiskapingsarbeidet. Dei ulike satsingane og prosjekta samordnar seg internt hos Riksantikvaren, og deler informasjon av gjensidig nytte. 

Prosjektet har tre fasar

 

  • Planleggingsfasen: Fasen vart gjennomført i januar-februar og omfattar mellom anna å kartlegge behov og gevinstar, identifisera og kontakte sentrale interessentar og beskrive rammene for leveransane
  • Gjennomføringsfasen: Fasen går frå mars-november. Her blir rettleiaren og eksempelsamlinga produsert.
  • Avslutningsfase: Fasen går frå kring medio november og til medio desember. I første halvdel av perioden blir rettleiar og eksempelsamling gjort klare for publisering 1. desember, medan andre delen av fasen blir nytta til å oppsummera lærdom, planlegge for eventuelle oppfølgingstiltak og formell avslutning av prosjektet.

Moglege gevinstar av arbeidet

  • Kulturmiljø er reisemål i seg sjølve, kan heve attraksjonsverdien til eit anna reisemål og gjev opphav til næringsverksemd lokalt 
  • Kulturturisme kan bidra til lokal og regional utvikling. Tilreisande sin bruk av andre varer og tenester stimulerer lokal næringsverksemd, noko som kan bidra til å oppretthalde eller utvide det lokale teneste- og kulturtilbodet og styrke lokal stadsidentitet og bulyst
  • Kulturturisme kan bidra til å ta vare på kulturarven gjennom berekraftig bruk. Det er mange eksempel på at kulturminne som er i bruk og fyller ein funksjon, er verna mot forfall. Når kulturarven blir tatt i bruk for å skapa verdiar i reiselivssamanheng, aukar sjansen for at desse kulturminna blir tatt vare på. Dette er også positivt i klimasamanheng 
  • Felles forståing av regelverk og sakshandsaming kan bidra til raskare og meir føreseieleg sakshandsaming for både styresmakter, tilsyn og næringsaktørar 

Kontaktperson

Jorun Aresvik Hals
e-post: Jorun.Elisabet.Aresvik.Hals@ra.no
Mobil: +47 982 02 810

Publisert: 14. mars 2023 | Endret: 12. mai 2023