Pressemelding

52 millionar kroner ekstra til kyrkjebygg

Regjeringa foreslår ei ekstraløyve på 52 millionar kroner i 2020 til tiltak for kulturhistorisk viktige kyrkjer frå før 1850.

Publisert: 29. mai 2020

Gjerpen Kyrkje i 2017 Foto: Hege Sejnæs Eilertsen, Riksantikvaren

– Undersøkingar viser at mange eldre kyrkjer har stort behov for å setjast i stand. Derfor føreslår vi no ekstra midlar til mellom anna sikring og istandsetting av vegger, tak og tårn, og utskifting av gamle el-anlegg og varmeomnar, seier trusminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Noko av midla skal også gå til kompetanseheving for murarar, knytt til rehabilitering av mellomalderkyrkjer i stein. Riksantikvaren og Den norske kyrkje vil hjelpe departementet i forvaltninga av tilskotsmidla.

Dei norske kyrkjene

Tiltaka legg til grunn kommunal eigenandel, og gjeld dei nærare 1000 kyrkjene i Noreg som er bygde før 1850.

– Kyrkjene i Noreg er kjente og kjære kulturminne, uavhengig av om du er truande eller ikkje. Dei er nasjonale kulturminne, men har også stor tyding for den enkelte byen eller bygda dei høyrer til. Det er eit stor behov for istandsetjing av kyrkjene våre, og ei tiltakspakke vil kome godt med, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Ekstraløyvinga til kyrkjebygg er eit av fleire tiltak i regjeringa sin nye tiltakspakke i samband med koronakrisa. Føremålet med løyvinga, i tillegg til å setje i stand gamle kyrkjer, er å stimulere til aktivitet i byggesektoren og i handverksbedrifter med særleg kompetanse på kulturminneforvaltning.

Les pressemeldinga på regjeringa sine nettsider her.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153