Pressemelding

Agder og Buskerud i nasjonalt register

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interessere (KULA) er eit  register over landskap det knyter seg nasjonale interesser til. Landskap frå Agder og Buskerud er no ein del av dette registeret.

Publisert: 4. februar 2021

Leveld i Buskerud Foto: Jørn Jensen, Riksantikvaren

KULA-registeret er eit kunnskapsgrunnlag og forvaltningsverktøy for fylke, kommunar og andre styresmakter som påverkar og styrer utviklinga av landskap. Det syner kva for landskap det knyter seg nasjonale interesser til, kva verdier som finnst der og korleis dei bør takast vare på. Frå før er Hordaland, Østfold og Troms allereie del av registeret.

– KULA-registeret fortel om kva for landskapsverdiar vi bør ta vare på i eit langsiktig perspektiv. KULA gir eit kunnskapsgrunnlag for god planlegging, til dømes i store infrastrukturprosjekt eller byggeprosjekt. Det betyr ikkje at landskapa er freda eller har fått eit formelt vern. Landskapa i KULA-registeret skal kunne utviklast vidare av dei som driv landbruk og næring i områda, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Etableringa av KULA-registeret er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Arbeidet med registreringa starta før fylkesreformen, og registeret er difor basert på den gamle fylkesinndelinga. Utvelging av landskap blir gjort i nært samarbeid med regional kulturminneforvalting (fylkeskommunar og Sametinget) og kommunane blir involvert undervegs i arbeidet. Områda blir lagt inn i den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden, og er tilgjengeleg for publikum på nettsida Kulturminnesøk.

Festningsverket på Fredriksholm i Agder Foto: Bjarne Tresnes Sørensen

Agder

Agder dekker omkring 5% av Norge. Kyststrekninga mot Nordsjøen og Skagerrak er prega av skjærgård med øyer, holmar og lune viker. Karakteristisk for Agder er dalstroka. Dei strekkjer seg frå høgfjellet i nord og ut til kysten. På indre Agder er det eit mylder av småkuperte heier, bergskjær, myrer, tjern og vatn. I aust møter landsdelen dei østnorske skogsbygdene i Telemark. I vest går landsdelen over i ein vestnorsk landskapstype mot Rogaland. Dei åtte områda som er vald ut på Agder fortel historier om gruvedrift, jakt og fangst på fjellet, jordbruk i Setesdal, og om sjøfart, forsvar og jordbruk langs kysten.

Totalt er det åtte Agder-landskap med i registeret.

Landskap som inngår i KULA-Agder

Njardarheim i Setesdal Vesthei, Rygnestad og Flateland, Valle i Setesdal, Åraksbø, Knaben og Knabeheia, Kjellnes og Hågåsen, Vest-Lista, Innseilingen til Kristiansand

Buskerud

Øvre del dominerast av opne fjellvidder, store innsjøar og lange, skogrike dalføre med bratte åssider. I nedre del av Buskerud finn vi opne og dyrka flatbygder i eit landskap prega av skogkledde åser og store jordbruksareal. Buskerud møter havet i eit skogkledd kystlandskap. Her finn vi landskap som fortel historier om bruk av ressurser i utmarka, om ferdsel over fjellet, løkkejordbruk rundt byen, gruveindustri og ikkje minst om dei mange ulike jordbruksbygdene.

Totalt er det 16 Buskerud-landskap med i registeret.

Landskap som inngår i KULA-Buskerud

Joleim – Grøte, Stølar i Ål, Leveld, Vassfaret, Bergensbanen og Rallarvegen, Dagali-Seterdalen, Dyregravshalle, Smådøldalen, Uvdal kirkebygd og omegn, Eggedal kirkebygd, Nedre del av Krøderen, Steinssletta – Norderhov, Rollag kirkebygd, Blaafarveværket, Aker – Smørgrav – Berg, Løkkelandskapet i Kongsberg

For Viken fylke har allereie Østfold fylkeskommune ferdigstilt sin KULA-rapport. Rapporten til Akershus vil være ferdig i løpet av 2021.

KULA – landskap i bruk frå steinalderen og fram til i dag

Dagens landskap er eit resultat av areal- og ressursbruk over tid, og dei vil alltid vere i endring. Nokre endringar kan føre til tap av kulturhistoriske verdiar, andre kan bidra til å styrke dei. Med god planlegging kan landskapet brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga, slik at vi både tek vare på kvalitetane og videreutviklar dei i eit langsiktig perspektiv.
Landskapa fortel historia om Noreg. Dei er ein heilskap av naturgitte og menneskeskapte høve, og samspelet mellom desse. Spora etter forfedra våre finnst overalt, i det åpne jordbrukslandskapet, i skog og mark, på fjellet og i byen. Dei har alltid vore i endring, men tempoet og omfanget av endringane aukar no i ein slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt.

Målet er at KULA-områdene til saman skal vise mangfoldet i kulturhistoria. Dei skal syne korleis busettnad, næring og ferdsel har prega landskapet.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Kart over KULA-områder
Meir informasjon om KULA