Pressemelding

Akershuslandskap i nasjonalt register

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) er eit register over landskap det knyter seg nasjonale interesser til. Fleire landskap i Akershus i Viken er no ein del av dette registeret.

Publisert: 7. september 2021 | Endret: 1. desember 2021

Akershuslandskap i nasjonal register Fetsund lenser Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) er eit register over landskap det knyter seg nasjonale interesser til, etablert på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. KULA-registeret er eit kunnskapsgrunnlag og forvaltningsverktøy for fylke, kommunar og andre styresmakter som påverkar og styrer utviklinga av landskap. Det syner kva for landskap det knyter seg nasjonale interesser til, kva verdiar som finst der og korleis dei bør takast vare på. Frå før er Hordaland, Østfold, Agder, Buskerud og Troms del av registeret.

– KULA-registeret syner landskapsverdiar som bør takast vare på i eit langsiktig perspektiv. Det skal være eit kunnskapsgrunnlag for god planlegging, til dømes i store infrastrukturprosjekt eller byggeprosjekt, seier riksantikvar Hanna Geiran.

KULA-registeret er eit samarbeid med regional kulturminneforvalting, og kommunane er involvert. Landskapa blir lagt inn i kulturminnedatabasen Askeladden og i Kulturminnesøk. Landskapa er ikkje freda og har heller ikkje eit formelt vern. Landskapa i KULA-registeret skal kunne utviklast vidare av dei som driv landbruk og næring i områda. Arbeidet med registreringa starta før regionreformen, og registeret er difor basert på den gamle fylkesinndelinga. Med innskrivinga av Akershus er KULA-registeret for Viken fylke komplett.

Akershuslandskap i nasjonal register Vormadalen Foto: Veset gård

Akershus

Landskapa i Akershus er varierte. Det er store kontrastar mellom kystlandskapet i indre Oslofjord, dei rike jordbruksbygdene og store skogsområda i innlandet, og i tillegg områda med tett busetnad med byer, tettstader og forstadsbusetnad.

I Akershus inngår desse 16 landskapa i registeret:

Landskap

Kommune

Skrukkelia Hurdal
Tingvoll til Eidsvoll verk Eidsvoll
Kringler – Hovin Ullensaker og Nannestad
Vormadalen Nes
Nestangen Nes
Fronger kirkested Lillestrøm
Sørumsletta Lillestrøm
Bingfoss i Glomma – Nordre Øyeren Lillestrøm og Rælingen
Skulerud og Skulerudsjøen Aurskog – Høland
Tanumplatået og Hornimarka Bærum
Semsvannet Asker
Gamle Mossevei langs Gjersjøen Nordre Follo og Ås
Spro Svestad Nesodden
Kirkebygda Enebakk
Heer – Froen – Nordby Frogn og Ås
Kråkstad kirkested Nordre Follo

KULA – landskap i bruk frå steinalderen og fram til i dag

Dagens landskap er eit resultat av areal- og ressursbruk over tid. Nokre endringar kan føre til tap av kulturhistoriske verdiar, andre kan bidra til å styrke dei. Med god planlegging kan landskapet brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga, slik at vi både tek vare på kvalitetane og vidareutviklar dei i eit langsiktig perspektiv. Spora etter forfedrane våre finst overalt og landskapa fortel historia om Noreg. Dei er ein heilskap av naturgitte og menneskeskapte høve, og samspelet mellom desse. Landskapa har alltid vore i endring, men tempoet og omfanget av endringane aukar no i ein slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Målet er at KULA-områda til saman skal vise mangfaldet i kulturhistoria. Dei skal syne korleis busetnad, næring og ferdsel har prega landskapet.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Kart over KULA-områder
Meir informasjon om KULA-områder