Pressemelding

Fekk kyrkje i bursdagsgåve

I år markerer Fortidsminneforeningen sitt 175-årsjubileum. Sundag fekk jubilanten overrekt ei av dei eldste steinkyrkjene i landet i gåve frå Riksantikvaren.

Publisert: 15. september 2019 | Endret: 17. desember 2019

Bildet viser Styreleiar Margrethe C. Stang i Fortidsminneforeningen og riksantikvar Hanna Geiran med gavebrevet som syner at Hove kyrkje no har skifta eigar. Foto er tatt av Karen Thommesen, Riksantikvaren
Hove Kyrkje Gavebrev Styreleiar Margrethe C. Stang i Fortidsminneforeningen og riksantikvar Hanna Geiran med gavebrevet som syner at Hove kyrkje no har skifta eigar. Foto: Karen Thommesen, Riksantikvaren

– Kva er ei passande gåve til ein 175-åring, spurde vi oss hjå Riksantikvaren. Vi fann ut at den vakre mellomalderkyrkja Hove i Vik i Sogn og Fjordane måtte vere den ideelle gåva, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Hove steinkyrkje har gjennom ei årrekke vore eigd av Riksantikvaren, og dei seinaste åra har kyrkja blitt satt grundig i stand. Det er gjort alt frå gjenstandskonservering til restaurering av målararbeid.

Det er ikkje altfor mange dagar sidan Hanna Geiran kunne signere overdraginga av kyrkja til Fortidsminneforeningen. Sundag formiddag kunne ho overrekkje kyrkja til styreleiar i foreininga, Margrethe C. Stang. Hendinga vart markert i kyrkja, med andakt og kulturelle innslag, og, sjølvsagt, kyrkjekaffi.

bildet viser Hove kyrkje i Vik i Sogn. Foto er tatt av Karen Thommesen, Riksantikvaren
Hove Kyrkje i Vik i Sogn. Foto: Karen Thommesen, Riksantikvaren

– Hove kyrkje er det best bevarte dømet vi har på restaureringspraksis på 1800-talet. Blix si restaurering er eineståande i norsk samanheng, og vi i Fortidsminneforeningen er stolte og glade over å få Hove-kyrkja inn i samlinga vår. Ho bidreg på ein vakker og fargerik måte til å fylle ut biletet av nasjonsbyggina og mellomalderbegeistringa på slutten av 1800-talet. Kyrkjene er blant dei aller største kulturskattane i landet vårt, og både Fortidsminneforeningen, Riksantikvaren og alle andre gode krefter må jobbe saman for å ta enda betre vare på dei i åra som kjem, seier styreleiar Margrethe C. Stang.

Bildet viser innsiden av kirken og dekoren til Blix. Foto er tatt av Karen thommessen
Hove Kyrkje innside Dekoren til Blix i kyrkja. Foto: Karen Thommesen, Riksantikvaren

Ei passande gåve

Fortidsminneforeningen har allereie i mange år drive formidlingsverksemd frå kyrkja, som dei no har fått.

Fortidsminneforeningen reknast som Riksantikvaren sin forlaupar i Noreg, og har alltid vore ein pådrivar for bevaring og formidling av norsk bygningsarv.

– Då Fortidsminneforeningen vart etablert i 1844, var det nettopp med føremål å redde dei siste av stavkyrkjene i Noreg.

Derfor kjennast det som om ringen er slutta når vi no kan gje dei ei av dei viktigaste mellomalderkyrkjene av stein. Fleire stavkyrkjer og andre kulturhistoriske bygningar står framleis, takka vere foreininga. Deira innsats gjennom 175 år skaper kvar dag opplevingar, forankring, kunnskap og innsikt for svært mange av oss, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Hove kyrkje

Hove kyrkje er den eldste steinbygningen i Sogn og blant dei eldste steinkyrkjene i Noreg. Ho vart bygd på 1100-talet. Den vakre og rikt dekorerte kyrkja vart truleg bygd som ei privatkyrkje, sidan det i Vik allereie var to kyrkjer på den tida, Hopperstad stavkyrkje og Tenhold kyrkje.

Hove kyrkje vart kjøpt av Peter Andreas Blix i 1880, og han gjennomførte store restaureringsarbeid. Då Blix døydde i 1901, vart han gravlagd inne i kyrkja. Det var broren til Peter Andreas Blix som arva kyrkja og som igjen ga ho vidare til staten.

Dato 15.09.2019 14:08 endret 15.09.2019 14:11

Teikning frå 1870-1890, Peter Andreas Blix.
Hove Kyrkje Teikning frå 1870-1890, Peter Andreas Blix.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153